Austromerske keisarar er eit oversyn over romerske keisarar i tida etter at keisar Konstantin den store gav byen Konstantinopel status som hovudstad i Romarriket i 330. Frå 330 til 395 styrte keisarane heile Romarriket derfra. I 395 døydde keisar Theodosius den store og imperiet blei permanent delt i to med Theodosius' to sønner som keisar i hvert sitt rike, Vestromarriket og Austromarriket. Vestromarriket gjekk til grunne under dei store folkevandringane på 400-talet og er rekna som endeleg knust då den germanske leiaren Odovakar tok over makta i 476.
Sjølv om det katolske Vest-Europa anerkjende Austromarriket som arvtakar til Romarriket i fleire hundreår, krona pave Leo III likevel kongen av frankarane, Karl den store, til romersk keisar den 25. desember 800. Dette markerte danninga av Det heilage tysk-romerske riket, og det skjedde etter kroninga av keisarinne Irene i Austromarriket. Ifølge pavekyrkja kunne ikkje ei kvinne vera verdig eller ha rett på keisartrona. Det endelege brotet mellom den katolske pavekyrkja og den ortodokse kyrkja kom med det store skismaet i 1054.
I perioden 1204 til 1261 var Konstantinopel okkupert av styrkar frå Det fjerde krosstoget, og riket blei omtalt som Det latinske riket. Det oppsto då tre statsdanningar, keisarriket Nikea, Despotatet Epirus og Trapezunt-riket, som alle hevda å vera arvtakarar etter Austromarriket. Lista omfattar keisarar i alle desse rika. I 1261 inntok keisaren av Nikea Mikael VIII Palaiologos Konstantinopel og imperiet var gjenoppretta. I 1453 blei Konstantinopel erobra av Det osmanske riket, og Austromarriket blei aldri gjenoppretta.
Lista omfattar ikkje talrike medkeisarar i Austromarriket (Det bysantinske riket) som aldri oppnådde status som seniorkeisar eller blei eineherskarar. Før Herakleios bar keisarane dei latinske titlene som hadde blitt del av keisarvyrdet i løpet av åra; Imperatorcæsar ... augustus. Herakleios braut med den gamle tradisjonen og innførte gresk som offisielt språk i keisarriket i 620, og med dette tok han den greske tittelen Βασιλεύς (Basilevs), som tydde eineherskar. Alle bysantinske keisarar såg på seg sjølv som romerske keisarar. «Bysants» var det gamle namnet på byen (grunnlagt 657 f.Kr.) som Konstantin bygde om og døypte om til Konstantinopel, og som han gjorde til hovudstad i 330. Omgrepet «bysantinsk» blei først nytta i vestleg historiografi mykje seinare, på 1500-talet.
Lista er i hovudsak basert på lister i Bysants' historie (1997) av John Julius Norwich (s. 394-397) og Encyclopædia Britannica Online. Namneformer kan avvika ein del, og dei ulike kjeldene kan ha nytta ulike tilnamn og slektsnamn.
Tidslinje
Oversynet viser dei austromerske keisarar frå Konstantin den store flytta hovudstaden for Romarriket frå Roma til Konstantinopel i 330 til Konstantin XI Palaiologos fall i kamp mot osmanarane i 1453.
Konstantin den store Gresk Κωνσταντῖνος Αʹ ὁ Μέγας Latin Gaius Flavius Valerius Aurelius Constantinus
324–337
Han innførte kristendommen som religiøs tru i riket, og flytta hovudstaden frå Roma til byen som fekk namnet hans – Konstantinopel – i 330.
Konstantius II Gresk Κωνστάντιος [Βʹ] Latin Flavius Iulius Constantius
337–361
Son av Konstantin den store. Då Konstantin døydde blei riket delt mellom dei tre sønene hans, og Konstantius II overtok Austromarriket. Konstantin II fekk kontrollen i Gallia, medan Konstans fekk Italia med omland.
Julian den fråfalne Gresk Ἰουλιανὸς ὁ Παραβάτης Latin Flavius Claudius Iulianus
361–363
Han blei fødd i mai 332 og var barnebarn av Konstantius I Klorus og fetter av Konstantius II. Han blei utropt til keisar av armeen sin i Gallia og blei legitimt keisar då Konstantius II døydde. Julian blei drepen i krig mot Sasanideriket (Persarriket) i 363. Tilnamnet «den fråfalne» viser til at han fornekta den kristne true (som den siste av dei romerske keisarane) og vedkjende seg til tradisjonell romersk religion.
Ikkje noko dynasti
Namn
Regjeringstid
Merknad
Jovianus Gresk Ἰοβιανός Latin Flavius Iovianus Augustus
363–364
Fødd i 331. Militær bakgrunn og kommandant for elitestyrkane i aust. Han blei noko overraskande utnemnd til keisar då Julian døydde plutseleg og det var behov for å kunne møte den militære trugselen frå persarane raskt.
Fødd i 321 i Kroatia. Son av general Gratianus Major og bror til keisar Valens. Den siste av dei romerske keisarane som hadde de facto kontroll over heile Romarriket. Styrte sjølv hovudsakleg dei vestlege provinsane, medan medkeisarane hans (Valens, Gratian) etterkvart styrte andre provinsar og delar av riket.
Fødd i 328 og var soldat i den romerske hæren. Han blei utpeikt til keisar i Austromarriket av den eldre bror sin Valentinian I. Han blei drepen under gotarane si omleiring av Konstantinopel i 378.
Fødd i 359 som eldste son av Valentinian I. Han var den første keisar om vedkjende seg til kristendommen slik han var formulert ved Konsilet i Nikea i 325 og seinare ved Konsilet i Konstantinopel i 381.
Fødd i 371 og utropt til keisar berre fire år gammel. Han utøvde i lita grad makten sjølv; den reelle makta låg hjå medregentar og hjå generalane. Han blei drepen eller tok livet sitt 19 år gammal.
Fødd 11. januar 347, aristokrat og militær leiar, svoger til Gratian, som utnemnde han som keisar i Austromarriket. Frå 392 til han døydde var han romersk einekeisar, og den siste som regjerte over heile Romarriket før det blei delt mellom dei to sønene hans.
Fødd i 377 eller 378 som eldste son av Theodosius I. Då Theodosius I døydde i 395, blei det romerske riket permanent delt mellom Austromarriket, også kjent som Det bysantinske riket, og Vestromarriket. Den eldste sonen hans Arcadius blei keisar i aust, mens den yngste sonen hans Honorius blei keisar i vest.
Theodosius II Gresk Θεοδόσιος Βʹ Latin Flavius Theodosius
408–450
Fødd 401 som einaste son av Arcadius og blei keisar etter at faren døydde. Flavius Anthemus var regent for den mindreårige keisaren frå 408 til 414. Theodosius døydde etter ei rideulykke i 450.
Fødd 398 eller 399, dotter av Arcadius, regjerte saman med ektemannen Markian som keisarinne fram til ho døydde i 453.
Markian Gresk Μαρκιανός Latin Flavius Marcianus Augustus
450–457
Fødd i 396. Soldat og politikar som gifta seg med Aelia Pulcheria, systera til Theodosius II. Regjerte saman med kona frå 450 og som einekeisar etter at Pulcheria døydde i 453.
Leo I den store Gresk Λέων Αʹ ὁ Θρᾷξ, ὁ Μακέλλης, ὁ Μέγας Latin Flavius Valerius Leo
457–474
Fødd i Dacia i Trakia ca. 400, og av bessiansk opphav. Han gjorde militær karriere og blei utnemnd til keisar av den gotiske militærkommandøren Aspar då Markian døydde. Han var den første keisaren som blei krona av patriarken av Konstantinopel.
Fødd ca. 467, han var barnebarn av Leo I og son av Leo si dotter Ariadne og mannen hennar Zenon. Utropt til cæsar og deretter medkeisar hausten 473, like etter kroninga hans som Leo II blei faren Zenon utnemnd til regent og krona til medkeisar. Leo II døydde kort tid etter, kanskje forgifta.
Fødd ca. 425 i Isauria, namnet hans frå fødselen var Tarasicodissa. Han gjorde militær karriere under Leo I og gifta seg med dottera hans Ariadne. Han blei medkeisar saman Leo II i 474 og einekeisar etter at denne døydde same året. Han ledia riket gjennom dei store utfordringane under folkevandringstida, og under hans regjeringstid i Konstantinopel fall Vestromarriket.
Basiliskos Gresk Βασιλίσκος Latin Flavius Basiliscus
475–476
General og svoger til Leo I, prøvde å styrta Zenon, men Zenon kom tilbake året etter. Han avsette Basiliskos, fengsla han og fekk han drepen.
Anastasios I Gresk Ἀναστάσιος Αʹ ὁ Δίκορος Latin Flavius Anastasius
491–518
Fødd ca. 430. Han var embetsmann og blei utvald til å gifta seg med Zenon si enke Ariadne, og blei deretter keisar. Han reformerte skattesystemet og mynteininga, og klarte gjennom ei nøysom forvaltning å betra økonomien i riket. Under styret hans gjorde bulgararane sine første framstøyt mot riket. Anastasios døydde barnlaus, og det leoninske dynastiet mista makta.
Justinus I Gresk Ἰουστῖνος Αʹ Latin Flavius Iustinus
518–527
Fødd ca. 450 i Bederiana. Han var offiser i militæret og kommanderte livvakta til Anastasios I. Då Anastasios døydde blei han utpeikt av hæren og folket til å overta som keisar.
Justinian I den store Gresk Ἰουστινιανὸς Αʹ ὁ Μέγας Latin Flavius Petrus Sabbatius Iustinianus
527–565
Fødd i 482 eller 483 og var nevø av Justinus I. Han blei sannsynlegvis medkeisar 1. april 527 og einekeisar då Justinus døydde. Han gjenerobra store delar av dei vestlege områda til riket i Italia, Spania og Nord-Afrika. Han var også mannen bak Corpus juris civilis, dei sivilrettslege lovane som har påverka seinare lovar i mange europeiske land.
Justinus II Gresk Ἰουστῖνος Βʹ Latin Flavius Iustinus Iunior
565–578
Fødd ca. 520, nevø av Justinian I og overtok etter han med støtte frå hæren og senatet. Han blei sinnsjuk og imperiet blei styrt av regentar, først kona si Sophia, deretter den seinare keisaren Tiberius II Konstantin.
Fødd ca. 535. Han hadde militær bakgrunn og var adoptivson av Justinus II. Han blei regent i 574 då Justinus blei sjuk, og overtok som keisar etter han.
Maurikios Gresk Μαυρίκιος Latin Flavius Mauricius Tiberius
582–602
Fødd i 539 i Kappadokia. Han var general i hæren, blei gift med dottera til Tiberius II Konstantin og overtok som keisar etter han. Han blei avsett etter eit kupp av Fokas tyrannen og avretta 27. november 602.
Han var offiser i Balkan-hæren og leia eit opprør i 602 der keisar Maurikios blei avsett og avretta. Han førte eit diktatorisk styre og blei meir og meir upopulær til han blei avsett og avretta av Herakleios i 610.
Herakleios Gresk Ἡράκλειος Latin Flavius Heraclius
610–641
Fødd ca. 575 som eldste son av eksarken av Afrika, Herakleios den eldre. Byrja eit opprør mot Fokas i 609 og avsette han i oktober 610. Avslutta krigen mot sasanidane (602–628), men var ikkje i stand til å stoppe den muslimske erobringa av Syria. Erstatta offisielt latin med gresk som språk for administrasjonen.
Konstantin III Gresk Ἡράκλειος νέος Κωνσταντῖνος Latin Heraclius Novus Constantinus
641
Fødd 3. mai 612 som eldste son av Herakleios og den første kona hans Fabia Eudokia. Utnemnd til medkeisar i 613 og kom på trona saman med den yngre broren Heraklonas etter at Herakleios var død. Døydde av tuberkulose, påstått forgifta av keisarenka Martina.
Fødd i 626 i Georgia, son av Herakleios og halvbror til Konstantin III. Medkeisar i 641 og einekeisar same året då halvbroren døydde. Mistenkt for å ha medverka då broren døydde og deretter landsforvist.
Fødd i 630. Son av Konstantin III og utropt til keisar 11 år gammal. Regjeringstida hans var preget av kamp mot den veksande muslimske rørsla.
Konstantin IV Gresk Κωνσταντῖνος Δʹ ὁ Πωγωνᾶτος Latin Flavius Constantinus Augustus
668–685
Fødd i 652 og overtok makta då faren Konstans II blei drepen. Han var den som kalla inn til Det tredje konsilet i Konstantinopel i 680/681 som fordømte monoteletismen som kjettersk. Han døydde av dysenteri i 685.
Justinian II Gresk Ἰουστινιανὸς Βʹ ὁ Ῥινότμητος Latin Iustinianus Augustus
685–695
Fødd i 669, son av Konstantin IV. Han blei medkeisar i 681 og keisar då far hans døydde. Han blei avsett i eit militærkupp i 695 og send i eksil, men blei gjeninnsett i 705.
Admiral av germansk opphav, heitte opphavleg Apsimar. Han gjorde opprør mot Leontius etter eit mislykka felttog. Styrte under namnet Tiberius til han blei avsett av Justinian II i 705. Han blei avretta i februar 706.
Den tidlegare keisar Justinian (685–695) gjenerobra makta i 705 med støtte frå bulgararane. Sonen hans Tiberius blei krona til medkeisar i 706, men dei blei avsette og avretta i eit nytt opprør i 711.
Heitte opphavleg Artemios og var sekretær i statsadministrasjonen under Filippikos. Då Filippikos blei styrta, valde soldatane Anastasios til ny keisar. Han blei styrta i eit nytt kupp i 715, og blei drepen i 718 under eit forsøk på å ta tilbake trona.
Tidlegare finansminister som blei utropt til keisar av opprørske troppar i Trakia. Kom til Konstantinopel i 715, men blei avsett under Leo III sitt opprør i 717. Etter abdikasjonen gjekk han i kloster.
Fødd ca. 685 i Kahramanmaraş. Han steig i gradene til han blei general og leia eit opprør i 717 der han blei utropt til keisar. Han slo tilbake den arabiske omleiringa av Konstantinopel i 717/718 og innførte ikonoklasmen i keisarriket.
Han blei fødd i juli 718 som einaste son av Leo III. Medkeisar frå 720. Han blei styrta saman med far sin av tronraneren Artabasdos i 741, men gjenerobra trona.
General og svigersonen til Leo III. Han leia eit opprør mot Leo III i 741, men blei styrta av Konstantin V to år seinare. Han blei blinda og send i kloster.
Fødd i 771 som einaste barn av keisar Leo IV. Han blei medkeisar frå 776 og einekeisar med mor si Irene som regent då far hans døydde i 780. Han blei avsett av mor si i 797, fengsla og blinda, og døydde sannsynlegvis av mishandlinga kort tid seinare.
Fødd ca. 752 i Athen og gift med Leo IV. Ho var regent for sonen Konstantin IV frå 780 til 790. Ho kalla inn til det andre konsilet i Nikea i 787 der ikonoklasmen blei fordømt. I 797 avsette ho sonen og overtok som keisarinne. Ho blei avsett ved eit kupp i 802 og døydde i eksil året etter.
Son av Nikeforos I og medkeisar frå 803. Han blei keisar etter sin far i juli 811, men abdiserte allerede 2. oktober samme år og blei munk. Han døydde i 812.
Svigersønn til Nikeforos I og etterfulgte Staurakios då han abdiserte. Han abdiserte sjølv etter opprøret frå Leo V den armenske og trakk seg tilbake til eit kloster, der han døydde 11. januar 844. Han regjerte saman med sin eldste son Theophylakt som medkeisar.
General av armensk opphav, fødd ca. 775. Han gjorde opprør mot Mikael I og blei keisar. Han utnmende sonen Symbatios til medkeisar under namnet Konstantin i desember 813, og gjeninnførte ikonoklasmen i den religiøse biletstriden. Leo V blei drepen under ein konspirasjon leia av Mikael Amorian, som så blei keisar Mikael II.
Fødd i 770 i Amorium. Han var offiser og venn av Leo V, og støttet han under kuppet mot Mikael I Rangabe i 813. I 820 ledet han ein konspirasjon som drepte Leo V.
Fødd i 840 og overtok som keisar to år gammel då faren Teofilos døydde. Mora hans Theodora fungerte som regent, og ho avskaffa ikonoklasmen i 843. I ein fredsavtale i 864 fekk han innført den ortodokse kristendommen i det bulgarske riket. Drepen under eit statskupp i 867. Mikael blei i enkelte samtidige skrifter omtalt som «Mikael drukkenbolten».
Han blei fødd i ThemeMakedonia ca. 811, steig i gradene ved hoffet og blei favorisert av Mikael III. Han gjennomførte drap på Mikael III og etablerte det makedonske dynastiet. Han leia vellykka krigar mot arabarane i aust, og vann tilbake Sør-Italia for riket.
Fødd 19. september 866, offisielt som son av Basileios I, men det var kjent at Basileios si kone var elskerinna til keisar Mikael III. Under styret hans blei riket angripe av dei muslimske sarasenarane, og Leo mislyktest også i krig mot bulgararane under Simeon I.
Fødd i 870 som son av Basileios I. Han blei medkeisar i 879. Han overtok som keisar då broren (eller halvbroren) Leo VI døydde i 912. Han blei rekna som lat, fordrukken og vondskapsfull. Han døydde av utmatting etter ein polokamp.
Son av Leo VI, fødd i mai 907. Han blei medkeisar eitt år gammal, og overtok som (mindreårig) keisar i 913 under regentskap. Han etterlet seg ei rekkje bøker om vitskaplege og statsforvaltningsmessige emne, blant anna De administrando imperio og De ceremoniis.
Ikkje-aristokratisk bakgrunn, men gjorde militær karriere og blei admiral, medkeisar og beskyttar for den mindreårige Konstantin VII som også gifta seg med Romanos si dotter. Han fekk avslutta krigen mot Bulgaria. Han sørgde også for at sønene hans blei medkeisarar, men to av dei fekk avsett faren og utviste han til eit kloster der han døydde i 948.
Han var den einaste attlevande sonen til Romanos I etter at dei to eldre brørne hans blei drepne. Han var fødd i 938 og regjerte frå faren døydde, men det var først og fremst evnukken Joseph Bringas som stod for styringa.
Fødd ca. 912 og tilhøyrde den svært innverknadsrike Fokas-familien. Han var ein dyktig general og blei utnemnd til regent for dei mindreårige keisarane Basileios II og Konstantin VIII etter at Romanos II var død. Han gifta seg også med enka til Romanos, Theophano.
Fødd ca. 925 og var nevø av Nikeforos II Fokas. Han kom på kant med onkelen sin og leia eit opprør der Nikeforos blei drepen. Som onkelen sin var han ein dyktig general.
Fødd i 958 som eldste son til den tidlegare keisaren Romanos II. Han fekk i stand ein allianse med den mektige tsaren av Kievriket, Vladimir den store, ved å la han gifta seg med syster si Anna av Bysants. Han erobra store område i Bulgaria og Syria, og regjeringstida hans markerte eit høgdepunkt i historia til riket.
Han blei fødd i 960 og var ein yngre bror av Basileios II. Han var ein svakare leiar enn bror sin, og levde i skuggen av han. Då han overtok som keisar blei han ein kasteball for det innverknadsrike aristokratiet. På dødsleiet gav han ordre om at dottera Zoë skulle gifta seg med Romanos Argyros som dermed blei ny keisar saman med Zoë.
Som eldste barn av Konstantin VIII var ho einaste ætling i det makedonske dynastiet, og ho overtok makta som keisarinne etter at faren døydde. Ho var først utsett til å gifte seg med den tysk-romerske keisaren Otto III, men han døydde rett før bryllaupet. Seinare styrte ho Austromarriket saman med sine i alt tre ektemenn, Romanos III, Mikael IV og Konstantin IX. På slutten måtte ho dela makta med den yngre systera si Theodora.
Han var ein eldre aristokrat (fødd i 968) som blei utpeikt av Konstantin VIII til å gifte seg med Zoë Porfyrogenita som var arving til tronen. Han overtok som keisar då Konstantin døydde nokre dagar senere.
Mikael Paflagonieren var fødd i 1010 og blei elskaren til keisarinne Zoë medan mannen hennar Romanos III framleis levde. Etter at Romanos døydde gifta han seg med Zoë og blei keisar. Han døydde etter lang tids sjukdom.
Fødd i 1015 og var nevø og adoptivson av Mikael IV. Han forsøkte å ta makta frå Zoë, men måtte trekka seg etter kort tid på grunn av populariteten til Zoë og systera Theodora. Han blei kastrert og send i kloster der han døydde i 1042.
Fødd ca. 1000 av aristokratiske foreldre. Han blei send i eksil til Lesbos av Mikael IV, men returnerte då denne døydde og blei utpeikt til å gifta seg med keisarinne Zoë. Han levde eit noko utsvevande liv. Under regjeringstida hans opplevde imperiet invasjonar frå petsjenegarane på Balkan og seldsjukkane frå aust, og dessuten striden som førte til det store skismaet, det vil seia splittinga mellom den katolske og den ortodokse kyrkja i 1054.
Fødd i 984 som ei yngre syster av Zoë Porfyrogenita (dotter av Konstantin VIII). Ho blei medkeisarinne i 1042 då Zoë gifta seg for tredje gong. Etter at Zoë døydde i 1050 og mannen hennar Konstantin IX i 1055 blei ho eineherskar. Ho utropte Mikael VI Stratiotikos til etterfølgjar på trona.
Fødd ca. 1005. Han hadde stor suksess som general i hæren og hadde støtte i militærvesenet. Han blei utropt til keisar etter at Mikael VI trakk seg 31. august 1057. Han gjekk av i 1059 og døydde to år senere.
Fødd i 1006. Han var general og nær alliert med Isak I. Han etterfølgde Isak som keisar i 1059. Han utnemnde sønene Mikael, Andronikos og Konstantios som medkeisarar, og Mikael blei innsatt som keisar då Konstantin døydde i 1067.
Fødd i 1032. Han var general og blei utpeikt til å gifta seg med keisarinne Eudokia som var blitt enke i 1067. Han styrte som regent for sonen til Eudokia, Mikael, fram til 1071, då han blei avsett etter slaget ved Manzikert. Han blei blinda og send i eksil der han døydde kort tid etter.
Fødd 1050 som eldstesonen til Konstantin X. Medkeisar frå 1059 og keisar då faren døydde i 1067, men som mindreårig var han det første året under regentskapet til mor si, Eudokia Makrembolitissa. I perioden 1068-1071 var den nye ektemannen til mora, Romanos IV, «senior»-keisar, medan Mikael overtok denne tittelen i 1071. Han trekte seg under eit opprør leia av Nikeforos Botaniates i 1078 og døydde som munk i 1090.
Fødd i 1001 og var «strategos» i Theme Anatolic. Han gjorde opprør mot Mikael VII og blei ønskt velkommen i Konstatinopel, men blei seinare styrta av Komnenos-familien. Han trekte seg tilbake til eit kloster i 1081 der han døydde seinare same året.
Nevø av Isak I Komnenos som blei fødd i 1056. Han var general som stod i spissen for eit kupp mot Nikeforos III. Han gjeninnsette Konstatin Dukas som medkeisar og utnemnde den eldste sonen sin Johannes II til medkeisar i 1092.
Fødd i 1087 som eldste son til Alexios I. Han var medkeisar frå 1092 og etterfølgde far sin som keisar. Han var ein populær og nøysam keisar og blei omtalt som «Johannes den gode». Han utnemnde sonen sin Alexios Komnenos til medkeisar i 1122, men han døydde før far sin.
Fødd i 1118 som fjerde og yngste son til Johannes II. Faren utnemnde han til keisar på dødsleiet framfor den eldre gjenlevande broren Isak Komnenos. Han var ein energisk keisar som førte fleire krigar med stor suksess, men forbruket hans utarma ressursane i riket.
Fødd i 1169 som einaste son av Manuel I. Han styrte under mora, Maria av Antiok, sin regentskap fram til 1182. I 1183 blei han styrta og drepen av Andronikos I.
Fødd ca. 1118 og var son av Manuels I's bror Isak Komnenos. Han var general og blei fengsla og seinare send i eksil etter eit kuppforsøk. I 1183 lyktest han i å ta makta frå Alexios II og mor hans som var regent. Ein svært upopulær keisar som blei styrta i 1185 og lynsja etter eit folkeopprør.
Fødd i september 1156 og tilrana seg trona i spissen for eit opprør mot Andronikos I. Regjeringstida hans var prega av opprør og krigar på Balkan, særleg mot Bulgaria. Han blei avsett, blinda og fengsla av den eldre bror sin, Alexios III.
Fødd i 1153 og var ein eldre bror av Isak II. Regjeringstida hans var prega av vanstyre og auka makt til landadelen. Han blei avsett av Det fjerde krosstoget frå vest og flykta frå Konstantinopel. Han døydde i fangenskap i keisarriket Nikea i 1211.
Son av Isak II, fødd i 1182. Blei innsett saman med far sin av krossfararne, men begge blei avsette i januar 1204. Han døydde av kveling 8. februar 1204.
Fødd i 1140, svigerson av Alexios III og ein høgtståande aristokrat. Han avsette Isak II og Alexios IV i eit palasskupp. Han forsøkte å slå tilbake krossfararane , men dei erobra Konstantinopel og tvinga han til å flykta. Han oppheldt seg i eksil hjå Alexios III, men blei seinare blinda av denne. Han blei fanga av krossfararane og avretta i desember 1205.
Var (sannsynlegvis) keisar ein svært kort periode under invasjonen til Det fjerde krosstoget i Konstantinopel i 1204. Konstantin flykta ut av byen umiddelbart etter utnemninga.
Fødd i 1172 som Balduin IX, greve av Flandern. Han var ein av leiarane for Det fjerde krosstoget som invaderte Konstantinopel i 1204. Keisartittelen blei tilboden til Enrico Dandolo, dogen av Venezia som leia krosstoget, men då han avslo blei Balduin vald. Han blei arrestert og drepen i kamp i 1205.
Fødd i 1174, bror til Balduin I og den seinare regenten Yolanda. Han blei rekna for å vera ein dyktig og pragmatisk leiar som stabiliserte det latinske styret i Konstantinopel.
Fødd ca. 1155, son av Peter I av Courtenay og Elizabeth de Courtenay. Peter I var son av kong Ludvig VI av Frankrike. Han blei utnemnd til keisar medan han var i Frankrike, og på reisa til Konstantinopel blei han arrestert og døydde seinare i fangenskap, slik at han aldri rakk å verka som keisar.
Enke etter Peter, regent for ektemannen medan han sat i fangenskap. Hadde to barn, Robert I og Balduin II, med keisar Peter II som seinare blei keisarar.
Kardinal og paveleg legat til Konstantinopel som blei utnemnd til regent i 1220. Fungerte som dette fram til mars 1221 då den utnemnde keisaren Robert I kom til Konstantinopel og blei krona.
Regent for den mindreårige Balduin II. Han hadde tidlegare vore konge og regent i Kongeriket Jerusalem. Han sette som betingelse at Balduin II skulle gifta seg med dotter si, og at han sjølv skulle vera medkeisar til han døydde.
Yngre bror til Robert I. Han blei einekeisar då Johannes av Brienne døydde i 1237. Under hans styre blei Konstantinopel gjenerobra av bysantinarane under keisar Mikael VIII Palaiologos i keisarriket Nikea, og det latinske riket opphøyrde i 1261. Balduin II flykta til Italia, der han døydde i 1273.
Fødd ca. 1174, svigerson av Alexios III Angelos og bror til Konstantin Laskaris. Han måtte rømma frå Konstantinopel då krossfararane inntok byen. Han drog til Nikea og organiserte motstanden mot latinarane derfrå. Etter at broren døydde i 1205 utropte han seg til keisar i Nikea. Han klarte å stoppda den vidare frammarsjen til latinarane og Nikea blei den leiande greske staten som stod imot Det latinske riket.
Fødd 1192 eller 1193, son av general Basileios Vatatzes. I 1216 blei han utpeikt av keisar Teodoros I Laskaris til å gifte seg med dottera Irene Laskaria og blei dermed tronarving. I 1230-åra allierte Johannes seg med tsar Ivan Asen II av Bulgaria og forsøkte å omleira Konstantinopel i 1236, men Ivan Asen trekte seg ut av omleiringa.
Fødd i 1221 eller 1222, son av Johannes III Dukas Vatatzes og Irene Laskaria. Gift med Elena Asenina, dotter av den bulgarske tsar Ivan Asen II. Han hadde epilepsi og døydde i 1258.
Fødd 1250, son av Teodoros II Dukas Laskaris og Elena Asenina. Han blei keisar sju år gammal med George Mouzalon som regent, men regenten blei drepen og Mikael VIII Palaiologos overtok den reelle makta som medkeisar. Då Mikael gjenerobra Konstantinopel frå latinarane i 1261, blei Johannes etterlaten i Nikea og blinda.
I 1261 blei det latinske styret i Austromarriket styrta og keisaren i Nikea flytta hovudsetet sitt til Konstantinopel. Lista over keisarar i Austromarriket frå 1261 fortset under oversikten over dei mindre depotatene som oppstod i kjølvatnet av Det fjerde krosstoget.
Fødd ca. 1170, og blei utnemnd til guvernør i Epirus i 1204. Han hadde kjempa mot dei latinske krossfararane som okkuperte Konstantinopel i 1204, og han etablerte Epirus som sjølvstendig bysantinsk rike i 1205.
Han etterfølgde halvbroren Mikael I som herskar i Epirus. Han utvida riket og var også keisar i Tessaloniki 1225–1227. Han utfordra den nikeanske keisaren Johannes III Dukas Vatatzes som den eigentlege austromerske keisaren, men blei slått av latinarane under åtak på Konstantinopel i 1230. Han døydde ca. 1253.
Han var ein uekte son av Mikael I og etterfølgde onkelen sin Teodoros som herskar i Epirus i 1230. Han var den første som nytta tittelen despot. Han døydde i (eller like før) 1268.
Son av Nikeforos I. Han var fødd i 1285 og blei despot då faren døydde i 1297 med mor si Anna Palaiologina Kantakouzene som regent. Han blei drepen av nevøen sin Nikolas Orsini som overtok makta i 1318.
Son av Johannes I Orsini av Kefallinia, ein høgtståande embetsmann som var gift med dotter til Nikeforos I Komnenos Dukas. Han overtok faren sin posisjon då han døydde i 1317, men gjekk til angrep på og drap onkelen sin Thomas I i Epiros i 1318. Han gifta seg med enka etter onkelen Anna Palaiologina, som var dotter av keisar Mikael IX Palaiologos. I 1323 blei han sjølv drepen av bror sin, Johannes II Orsini.
Son av Johannes II og fekk makta som sjuåring med mor si Anna som regent. Han blei avsett under eit opprør i 1338. I tida etter dette var Epirus prega av borgarkrigar før Nikeforos blei gjeninnsett i 1356. Han blei drepen i 1359 og Epirus blei deretter styrt av medlemmer av den serbiske kongefamilien.
Fødd ca. 1326 som son av den serbiske kong Stefan Dečanski og den andre kona hans Maria Palaiologina som var dotter av den bysantinske cæsaren Johannes Palaiologos (soneson av tidlegare keisar Mikael VIII Palaiologos). Han var også halvbror til Stefan Dušan som frå 1346 også kalla seg konge over Serbia og Hellas.
Son av cæsar Gregorius Preljub, den serbiske guvernøren i Thessaloniki. Gift med Maria Palaiologina, dotter til Simeon Uroš. Han var omtalt som ein tyrannisk herskar som blei drepen av si eiga livvakt i 1384.
Son av ein aristokrat frå Firenze som blei tatt til fange i Epirus. Han sat fleire år i fengsel, men då keisar Thomas II døydde gifta han seg med enka til Thomas og blei «despot».
Son av Esau de' Buondelmonti og den tredje kona hans Jevdokija (Eudokia) Balšić. Han blei despot då faren døydde i 1411 med mor si som regent. Ho var svært upopulær, og då det blei kjend at ho planla å gifta seg med ein serbisk aristokrat blei ho og sonen Giorgio avsette etter berre 20 dager. Giorgio døydde i 1453.
Son av hertug Leonardo I Tocco og den tidlegare despoten Esau de' Buondelmonti si syster Lefkada (eller Leukas). Han blei tilboden despottittelen av aristokratiet i Epirus som hadde avsett den upopulære Giorgio de' Buondelmonti og mor hans. Bestefaren hans Guglielmo II Tocco hadde også vore gift med Margherita Orsini, som var syster av dei tidligere despoteaner Nicholas Orsini og Johannes II Orsini.
Nevø av Carlo I, son av broren hans Leonardo II Tocco. Makta hans blei omstridd av sønene til Carlo I som allierte seg med den osmanske sultanen Murad II. Denne okkuperte hovudstaden Ioannina, men Carlo II lukkast i å halda på makta i resten av riket frå hovudsetet sitt i Àrta.
Son av Carlo II. Han overtok som despot då far hansdøydde i 1448. I 1449 okkuperte osmanarne også Leonardo sin hovudstad Àrta, og despotatet Epirus bestod no berre av tre befestingar. I 1479 overtok osmanarane dei siste restane av riket og Leonardo flykta til Napoli der han døydde i 1499.
Fødd i 1182, son av Manuel Komnenos som var i slekt med keisar Andronikos I. På morssida stamma han frå den georgiske kongefamilien, og med deira støtte blei han keisar i Trapezunt-riket som blei oppretta i kjølvatnet av den latinske okkupasjonen av Konstantinopel.
Sannsynlegvis general under keisar Teodoros I Laskaris. Han blei gift med ei dotter av keisar Alexios I Megas Komnenos og overtok keisardømet då svigerfaren døydde.
Han var eldste son av Alexios I Megas Komnenos (fødd før 1214), men sannsynlegvis var han mindreårig då faren døydde i 1222 ettersom Alexios sin svigerson Andronikos I overtok makten da.
Fødd ca. 1255, son av Manuel I og den tredje kona hans, Irene Syrikaina. Han blei tatt til fange eller fengsla av eigne militære i 1280, men prøvde å ta tilbake makta i 1284 uten å lykkast.
Dotter av Manuel I og halvsyster til Johannes II. I 1284 klarte ho med hjelp frå kong David VI av Georgia å avsetta halvbroren, men Johannes II erobra trona tilbake året etter.
Både Georgios og Theodora, halvsyskena til Johannes II, prøvde å avsetja han i 1284. Theodora lykkast, men måtte flykta året etter og Johannes II blei gjeninnsett som keisar.
Fødd ca. 1324 som son av Andronikos III. Var keisar i 8 månader, muligens med mor si som regent, men blei avsett og avretta året etter (som niåring) som resultat av eit kuppforsøk som hadde til hensikt å gjeninnsetta han.
Yngre bror av Andronikos III og son av Alexios II. Han flykta til Konstantinopel då Andronikos drap dei to andre brørne deira Mikael og Georgios. Etter at Andronikos døydde blei han beden om å koma tilbake som keisar. Gift med Irene Palaiologina, dotter av den bysantinske keisaren Andronikos III Palaiologos. Han døydde i 1340, truleg forgifta av kona si, som overtok makta etter han.
Fødd ca. 1315 som (uekte) dotter av den bysantinske keisaren Andronikos III Palaiologos. Ho blei gift med Basileios Megas Komnenos og overtok makta etter at ho truleg forgifta han i 1340. Avsett året etter og send i eksil til Konstantinopel.
Eldste datter av Alexios II. Ho var først nonne i eit kloster i Jerusalem, men blei henta av aristokratiet i Trapezunt og innsett på trona då Irene Palaiologina blei forvist. Året etter blei ho avsett i eit kupp og avretta.
Fødd ca. 1321 som son av den etterfølgjande keisaren Mikael Megas Komnenos. Han blei henta frå Konstantinopel av ei opposisjonsgruppe som med ein mindre flåtestyrke gjennomførte statskupp og innsatte Johannes III i 1342. Han heldt far sin i fengsel, men faren blei frigjort i 1344 og han avsette sonen og sende han i kloster. Han døydde i 1362.
Fødd ca. 1288 som ein yngre son av den tidligere keisaren Johannes II. Han var også far til forgjengaren sin Johannes III. Han var keisar ein dag i juli 1341, men blei avsett igjen med ein gong. Han sat fengsla, men blei lauslaten i 1344 og overtok makta etter å ha avsett sonen sin. Han døydde ein gong etter 1355.
Fødd i 1338, son av Basileios Megas Komnenos og Irene Palaiologina. Overtok makta etter Mikael Megas Komnenos med støtte frå den bysantinske keisaren Johannes VI Kantakouzenos.
Fødd 1364, son av Alexios III. Han blei arving til trona då den eldre broren Basileios døydde i 1377. Han blei gift med Gulkhan-Eudokia, dottera til den georgiske kong David IX av Georgia.
Fødd 1382, son av Manuel III. Då faren døydde i 1417 blei Alexios skulda av enkelte for å stå bak dødsfallet. I 1429 kom sonen hans Johannes, som hadde flykta til Georgia, tilbake og gjorde krav på trona, og Alexios blei drepen av nokre av støttespelarane hans.
Fødd ca. 1403 som eldste son av Alexios III. Han kom i konflikt med foreldra sine og måtte flykta til Georgia. Broren Alexander var utpeikt til ny keisar, men då Johannes kom tilbake til Trapezunt i 1429 og gjorde krav på trona, blei Alexios drepen av nokre av Johannes sine støttespelarar.
Han blei fødd ca. 1408 og var ein yngre bror av Johannes IV. Johannes hadde sjølv utpeikt den fire år gamle nevøen sin Alexios til arving, men David fekk sett han til side og overtok makta. Han blei den siste keisaren i Trapezunt ettersom dei osmanske troppane inntok riket i 1463. David og barna hans blei avretta av osmanarane same året.
Son av Mikael VIII og fødd 25. mars 1259. Medkeisar frå 1261, krona i 1272 og einekeisar etter at Mikael døydde i 1282. Han utnemnde sonen sin Mikael IX Palaiologos til medkeisar. Under borgarkrigen 1321–1328 måtte han først anerkjenna barnebarnet Andronikos III Palaiologos som medkeisar, og blei deretter direkte avsett. Han døydde 13. februar 1332.
Son av Mikael IX, fødd 25. mars 1297. Han blei medkeisar i 1316. Han avsette bestefaren Andronikos II i 1328 og herska som einekeisar til han døydde. Med støtte frå Johannes VI Kantakouzenos vann han tilbake Epirus og Thessaloniki for riket, men måtte tola nederlag mot osmanarane.
Fødd i 1332 og overtok som keisar åtte år gammal då faren døydde. Prøvde til ei viss grad å alliera seg med vestlege makter for å demma opp for ekspansjonen til Det osmanske riket, men mislykkast. Blei avsett av sonen Andronikos IV i 1376, men kom tilbake som regjerande keisar i 1379.
Son av Johannes V som han låg i strid med i mange år. Han styrta far sin ved eit kupp i 1376, men i ein fredsavtale blei faren gjeninnsett og Andronikos blei tronarving. Han var far til den etterfølgjande keisaren Johannes VII. Andronikos døydde i 1385.
Etter ein fredsavtale mellom Johannes V og Andronikos IV blei Johannes gjeninnsett som keisar med Andronikos IV som tronarving. Johannes døydde i 1391 etter å ha vore keisar i nesten 50 år. Han etterlet seg eit fragmentert rike som levde på nåde frå eit ekspanderande osmansk imperium.
Fødd 1370, son av Andronikos IV. Medkeisar frå 1377. Han avsette bestefaren Johannes V i 1390 og sat som keisar i fem månader før Johannes V blei gjeninnsett med hjelp av sonen sin Manuel II og Johannes VII søkte tilflukt hjå osmanarane.
Fødd 1350, son av Johannes V Palaiologos. Han nedkjempa og avsette nevøen sin Johannes VII i 1390/1391 og kom sjølv på keisartrona då faren hans Johannes V døydde i februar 1391.
I 1399 måtte Manuel II dra til Europa for å søka støtte mot den osmanske ekspansjonen. Johannes VII blei midlertidig gjeninnsett under fråveret til Manuel II, og heldt formelt på tittelen basileus til han døydde i 1408.
Fødd 1405 og var ein yngre bror av Johannes VIII. Han blei den siste keisaren av Austromarriket og døydde same dag som Det osmanske riket under sultan Mehmet II erobra Konstantinopel den 29. mai 1453.