Aust-Raron er eitt av 14 distrikt i kantonen Valais i Sveits. Distriktet har eit areal på 127,2 km² og hadde 3 009 innbyggarar i 2010. Aust-Raron ligg aust i Valais, i den delen av kantonen som vert kalla Oberwallis. I søraust grensar Aust-Raron mot Italia.
Aust-Raron omfattar sju kommunar. Ingen av kommunane har over 1 000 innbyggarar. Mörel-Filet er hovudstad i distriktet. Dei andre kommunane er Betten, Bister, Bitsch, Grengiols, Martisberg og Riederalp.
Tysk er offisielt språk i distriktet.
Kjelde