Astronomiske instrument er hjelpemiddel for astronomiske observasjonar. I tidlegare tider vart det mellom anna nytta armillarsfære, astrolabium, gnomon og kvadrant.
Hovudinstrumentet i vår tid er teleskopet med reflektoren (spegelkikkerten) og refraktoren (linsekikkerten). Spesielle typar er radioteleskop, astrograf, Schmidt-teleskop, tårnteleskop, koronagraf, meridiansirkel, passasjeinstrument og universalinstrument.
Dei viktigaste hjelpeinstrumenta er mikrometer, fotometer, spektrograf, spektroheliograf, interferensfilter, film- og CCD-kamera.