Asteroidespektralklassar

Asteroidespektralklassane er dei ulike typane av asteroidar. Asteroidar vert klassifiserte etter spektraleigenskapar, farge, og nokre gongar etter albedo. Desse klassane er tenkt Ä peike tilbake pÄ samansetninga til asteroideoverflata. For smÄ lekamar som ikkje er differensierte (lagdelte), er den indre samansetninga mykje lik den ein finn pÄ overflata. Store lekamar som 1 Ceres og 4 Vesta veit ein er differensierte; dei tyngste grunnstoffa sÞkk inn medan dei lette blir liggande oppÄ.

Dagens klassifisering

Dagens klassifisering vart pÄbegynt av Clark R. Chapman, David Morrison og Ben Zellner i 1975 med tre kategoriar: C for mÞrke og karbonrike objekt, S for steinete (silikatrike), og U for dei som ikkje passa inn i verken C eller S. Denne klassifiseringa har seinare blitt utvida og klarifisert.

Ei rekkje klassifiseringar er for tida i bruk, og medan dei slit med Ä fÄ samkonsistens blir mange asteroidar putta i forskjellige klassar alt ettersom kva klassifikasjon som blir nytta. Dette av di det er forskjellige kriterium for kvart klassifikasjonsskjema. Dei to mest brukte klassifikasjonane er beskrivne nedanfor:

Tholen-klassifiseringa

Den mest brukte klassifiseringa pĂ„ over eit tiĂ„r er den som David J. Tholen la fram i 1984. Denne klassifiseringa vart utvikla frĂ„ breibandsspektrum (spektrum mellom 0,31 ÎŒm og 1,06 ÎŒm) skaffa under ”Eigh-Color Asteroid Survey” (ECAS) pĂ„ 1980-talet, i kombinasjon med albedomĂ„lingar. Den originale formulaen var basert pĂ„ studie av 978 asteroidar. Skjemaet inkluderer 14 typar. StĂžrstedelen av asteroidane passar inn i ein av dei tre breie hovudkategoriane, i tillegg til ein av dei mindre klassane:

Dei tre siste typane inneheldt opphavleg berre éin asteroide som hadde unike spektrumleigenskapar. Objekt blei nokre gongar tildelte kombinerte typar, som f.eks. CG, nÄr dei hadde eigenskapar som passa til to klassar.

SMASS-klassifiseringa

Dette er ein meir nyleg klassifisering introdusert av Schelte J. Bus og Richard P. Binzel i 2002, basert pĂ„ ”Small Main-Belt Asteroid Spectroscopic Survey” (SMASS), der 1447 asteroidar vart undersĂžkte. Denne undersĂžkinga produserte spektrum med ein mykje hĂžgare opplĂžysning enn det ECAS hadde, og var i stand til Ă„ fĂ„ med seg eit utval av tronge trekk i spekteret som ikkje ECAS kunne; men spennvidda av bĂžlgjelengder som vart undersĂžkte var smalare enn under SMASS-undersĂžkinga (0,44ÎŒm til 0,92ÎŒm). Albedoar vart heller ikkje tatt med. Mens ein forsĂžkte Ă„ halda pĂ„ Tholen-taksonomien sĂ„ mykje sĂ„ mogleg, vart asteroidar sorterte inn i 24 typar. StĂžrstedelen av lekamane passa inn i ein av dei tre breie C-, S- og X-kategoriane, med nokre fĂ„ uvanlege lekamar som passa inn i mindre kategoriar:

  • C-gruppa - mĂžrke karbonhaldige objekt med fĂžlgjande undertypar:
    • B-type – overlappar med Tholen-B-type og F-type
    • C-type – dei mest ’typiske’ av dei ikkje-B-type karbonhaldige objekta.
    • Cg, Ch, Cgh – like pĂ„ Tholen-G-typen.
    • Cb – overgangsobjekt mellom C- og B-typar
  • S-gruppa – silikathaldige (steinete) objekt:
  • X-gruppa – for det meste metalliske objekt:
    • X-type – dei mest typiske X-objekta i gruppa; desse inkluderer M-, E- og P-typen frĂ„ Tholen-klassifiseringa.
    • Xe, Xc og Xk – overgangsobjekt med trekk frĂ„ dei nemnde asteroidetypane.
  • T-type
  • D-type
  • Ld-type - ein ny type med fleire ekstreme sĂŠrtrekk enn det L-typen har.
  • O-type
  • V-type

Ei merkbar mengde av smÄ asteroidar vart funne i Q-, R- og V-typen, som berre var representerte av ein lekam i Tholen-klassifiseringa. I SMASS-klassifiseringa er det berre ein type som berre er representert av ein spesiell asteroide.

Nokre nÊrjordsobjekt har spektrum som skil seg sterkt i frÄ alle SMASS-klassane. Dette er truleg av di desse lekamane er mykje mindre enn dei som er oppdaga i hovudbeltet og derfor kan ha yngre og mindre omforma overflatar, eller bestÄ av ein mindre variert blanding av mineral.

Framtidig klassifisering

Det er forventa at klassifikasjonane vil bli raffinerte og/eller byta ut etter kvart som forskinga gjer framsteg. For no vil klassifikasjonane vera basert pÄ dei lÄgopplÞyselege undersÞkingane frÄ 1990-talet. Forskarane har sÄ langt ikkje vore i stand til Ä bli einige om eit betre taksonomisystem, mest grunna i at det er vanskeleg Ä fÄ gjort detaljerte mÄlingar for eit stÞrre utval av asteroidar.

Dei tre hovudtypane av asteroidar relaterer til dei tre grunnleggjande meteorittypane:

Kjelder