Aslaug Høydal (22. desember 1916–20. juli 2007) var ein norsk forfattar og lærar. Ho voks opp i Seljord kommune, men vart buande i Skjåk. Barnet står i sentrum i forfattarskapet. Gjennom lærargjerninga si fekk ho innblikk i barna sine vilkår og lagnad. Høydal er mest kjend for romanane Dyr last (1963) og Tårer i sand (1969). Dei er krasse åtak på eit system som gløymer at skulen er til for barnet.
Verkliste
- 1942 - Gutane i Ramnåsheia
- 1947 - Nord i Vårbuli
- 1958 - Eit år ilag med borna på urdi
- 1959 - Sevje
- 1963 - Dyr last
- 1965 - Ranka
- 1969 - Tårer i sand
- 1970 - I skotlina
- 1974 - I gryet gror dagen
- 1974 - Tussebot-sommaren
- 1980 - Med ti øre i lomma
- 1981 - Solbogar og isnåler
- 1984 - Hønemor
- 1984 - Uppkomeringar
Utmerkingar
Bakgrunnsstoff