Arp 302, UGC 9618 eller VV 340 er eit par av vekselverkande galaksar som ligg rundt 450 millionar lysår unna jorda i stjernebiletetBjørnepassaren. Båe galaksane er særs gassrike og dei er i ein tidleg fase av samansmeltingsprossesen. Enorme mengder infraraud stråling blir sendt ut frå gassen til massive stjerner som blir danna i same tempo som i dei mest kraftige områda som dannar kjempestjerner i Mjølkevegen.