Arnie «Skiffle Joe» Norse (14. mai 1925–14. desember 2016)[2] var ein norsk songar og underhaldningsartist.
Norse var kjend frå skjenkestaden Tranen i Oslo, ei lang rekke utdrikkingslag, nokre fjernsynsopptredenar og eigenproduserte kassettutgjevingar. Han var utdanna typograf og arbeidde i England frå 1950 til midt på 1950-talet.
Då han kom tilbake til Noreg tok han til å opptre med å syngja og spela gitar samtidig som han sykla på eithjulssykkel. Han opptredde mellom anna på Sirkus Arnardo.[3]
I 1958 blei den første plata hans gjeven ut, singelen «Mexico-Joe» på A-sida. B-sida var «Oh senorita», som blei ein hit på Island. I denne perioden brukte han tilnamnet «Skiffle Joe», som han fekk av Arne Bendiksen.
I 1978 byrja han å opptre på restaurant Tranen i Oslo, syklande på etthjulssykkel med gitar og cowboyhatt. Han framførte slagerar og frekke viser som «Misjonær i gryta», «Min lille kone (som legger seg på ryggen for ei krone)» og «Jælp mæ å rime (Den sensurerte bært-bært-visa)». Han opptredde kvar veke på Tranen i over 30 år, frå 1978 saman med kona si Nipaporn Norse og eit band gjennom mange år, fram til staden stengde 27. januar 2012.[4]
Diskografi
Kjelder
- Fotnotar