Sir W G Armstrong Whitworth & Co Ltd var eit større britisk produksjonsføretak i byrjinga av 1900-talet. Det hadde hovudkvarter i Elswick i Newcastle, og laga bilar, fly, lokomotiv, skip og våpen.
Føretaket blei stifta av William Armstrong i 1847, og blei gjennom fusjonar etterkvart til Armstrong Mitchell og Armstrong Whitworth. I 1927 fusjonerte det med Vickers Limited til Vickers-Armstrongs, med bil- og fly-verksemda kjøpt opp av J D Siddeley.
Historie
I 1847 skipa ingeniøren William George Armstrong ein verkstad ved Elswick i Newcastle. Dei laga hydraulisk maskineri, kranar og bruer, og etterkvart også artilleri, der særleg Armstrong-kanonen som den britiske hæren brukte under Krimkrigen er velkjend. I 1882 blei selskapet slått saman med selskapet til skipsbyggjaren Charles Mitchell og fekk namnet Armstrong Mitchell & Company. På denne tida strekte verkstaden seg over over ei mile (ca. 2 km) langs breidden av elva Tyne.[1]
Armstrong Mitchell fusjonerte igjen med ingeniørføretaket til Joseph Whitworth i 1897.[2] Selskapet utvida til å laga bilar og lastebilar i 1902, og skipa ei avdeling for luftfartøyi 1913. Denne blei til dotterselskapet Armstrong Whitworth Aircraft i 1920.
I 1927 fusjonerte føretaket med Vickers Limited til Vickers-Armstrongs.
Kjelder
- ↑ Newcastle Industrial Heritage [daud lenkje]
- ↑ Manchester College of Art & technology Arkivert 27. mai 2008 ved Wayback Machine. – The Whitworth collection history - vitja mars 2009