Arilena Ara (fødd 17. juli 1998 i Shkodër), også kjend som berre Arilena, er ein albansk songar.[1]
Ara vart kjend i den albansk-talande verda etter at ho vann den andre sesongen av albanske X Factor.[1][2] Ara vann òg den 58. utgåva av Festivali i Këngës i desember 2019 og skulle ha representert Albania i Eurovision Song Contest 2020 med songen «Fall from the Sky». Men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[3][4][5][6][7]
Bakgrunn
Ara vart fødd i Shkodër i Albania. Ho byrja å syngje som barn og deltok i barnesongtevlinga Gjeniu i Vogël («vesle geni»). Der enda ho på tredjeplass.
I 2012 melde Ara seg på den andre sesongen av X Factor Albania, og ho prøvesong i hovudstaden Tirana. Ho vart plukka ut vidare og hadde songaren Altuna Sejdiu som mentor i jente-kategorien. Ara vann til slutt finalen av X Factor Albania 31. mars 2013.[8]
26. februar 2014 slapp Ara sin fyrste musikkvideo-single «Aeroplan», som vart ein listesuksess i Albania.[9] Songen hadde 2 millionar visingar på YouTube i løpet av 12 timar, og hennar neste singel, «Business Class», nådde 1 million visningar på YouTube på ni timar. Hennar tredje singel, «Vegim», var tileigna den avlidne faren hennar.[10] I 2019 slapp ho songen «Nëntori», som òg oppnådde popularitet utanfor Albania. Blant anna toppa songen den rumenske hitlista Airplay 100 i august 2017.[11]
I 2019 var Ara mentor og dommar i den tredje sesongen av The Voice Kids Albania.[12] Seinare same år deltok ho i den albanske songtevlinga Festivali i Këngës, der ho vann med songen «Shaj». Med sigeren skulle ho ha representert heimlandet i Eurovision Song Contest i Rotterdam i mai 2020. I Eurovision Song Contest fekk songen engelsk tekst og tittelen «Fall from the Sky».[6]
På grunn av koronavirusutbrotet vinteren 2020 vedtok EBU å avlysa Eurovision Song Contest. Dette vart gjort for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen COVID-19 i Europa.[13]
Kjelder