Arena Birmingham er ein innandørs konsertarena i Birmingham i Storbritannia. Arenaen har NEC Group som eigar, og ligg i Birmingham sentrum. Han opna dørene i 1991 under namnet National Indoor Arena, som det største i sitt slag i Storbritannia.[1] Etter ei større ombygging i 2013–2014, opna arenaen på nytt i desember 2014 som Barclaycard Arena. I 2017 fekk bygninga sitt noverande namn. Arenaen har plass til 15 800 publikummarar og arrangerer alt frå konsertar og idrettskampar til konferansar og utstillingar.[2]
Historie
Bygginga starta i 1988, og National Indoor Arena blei offisielt opna 4. oktober 1991 av idrettsutøvaren Linford Christie.[3] Dei fyrste åra blei anlegget brukt til både underhaldingstilstellingar og idrettsarrangement. Blant anna blei Eurovision Song Contest 1998 arrangert i arenaen i mai 1998.
I 2012 godkjente Birmingham byråd planane om å pusse opp og byggje om arenaen. Arbeida starta i juni året etter, og blant anna blei eksteriøret bytta. Det blei også gjort større ombyggingar inne i sjølve arenaen.[4] Den ombygde arenaen fekk namnet Barclaycard Arena og opna i 2. desember 2014 med ein konsert med Michael Bublé.[5][6]
Arenaen fekk sitt noverande namn i september 2017.[7]
Kjelder
Bakgrunnsstoff