Arc er ei 150 km lang elv i departementet Savoie søraust i Frankrike. Ho er ei av sideelvane til Isère, som ho munnar ut i ved Chamousset, om lag 15 km nedanfor Albertville. Ho har sitt utspring i Dei graiiske Alpane nær grensa til Italia, nordaust for Bonneval-sur-Arc. Elvedalen Arc renn gjennom, Maurienne, er ei viktig transportåre mellom Frankrike og Italia.
Byar elva renn gjennom