Arawak, også kalla maipuran, er ein språkfamilie i Sør-Amerika og Karibia. Opphavleg var arawak namnet på ei mektig folkegruppe som levde i Guyana og Surinam. Desse folka blei allierte med spanjolane fordi dei tradisjonelt var fiendar til karibfolk som var i krig med spanjolane. Arawakspråk var utbreidde over heile Karibia på 1200-talet, men seinare kom karibindianarar frå Venezuela og etablerte seg på dei mindre vestindiske øyane. I tida då spanjolane kom til Amerika var arawakfolk utbreidde i austre delar av Andes i Peru og Bolivia, gjennom Amazonasbassenget i Brasil, nord gjennom Guyana, Surinam og Venezuela og sør til Paraguay.
Taíno, eit språk i familien, blei brukt på Cuba, Hispaniola, Puerto Rico, Jamaica og Bahamas med er truleg ikkje i bruk i dag. Arawakspråk vert nytta i Surinam i dag.
Liste over arawakspråk
Språkfamilien blei klassifisert sist på 1800-talet. ISO-koden er 639-2 arn. Den interne struktureringa av familien er omstridd.
- Maipuran-språk (60 språk)
- Nordleg maipuran
- Palikur (1 språk, ca. 1200 brukarar)
- Wapishanakaribiske språk (inkluderer ta-arawak. 7 språk; wayuu [goajiro] ca. 300 000 brukarar, garífuna [svartkariber] ca. 100 000 brukarar)
- Innland (15 språk; baniwa har 3-4 000 brukarar, piapoco ca. 3 000)
- Sørleg maipuran
I tillegg finst 9 ikkje-klassifiserte arawakspråk.
Kjelder
Bakgrunnsstoff