Cosima Arabella-Asereba Kiesbauer (fødd 8. april1969 i Wien), kjend som Arabella Kiesbauer, er ein tysk-ghanesisk-austerriksk programleiar, forfattar og modell. Ho er dotter av den tyske skodespelaren Hannelore Kiesbauer og den ghanesiske ingeniøren Sammy Ammissah, men vaks opp med bestemoren i Wien etter at foreldra vart separerte.
9. juni 1995 var ho målet for eit bombeangrep då den austerrikske terroristen Franz Fuchs sendte ei brevbombe til ProSieben-studioet der ho arbeidde.[1][2] Assistenten hennar, som opna brevet, vart skadd av bomba.[1][2]