Antonio Benarrivo
Benarrivo i 1993 |
Personleg informasjon |
---|
Fullt namn |
Antonio Benarrivo |
---|
Fødd |
21. august 1968 (56 år) |
---|
Fødestad |
Brindisi |
---|
Høgd |
170 cm |
---|
Posisjon |
Forsvarsspelar |
---|
Seniorkarriere* |
---|
År |
Lag |
Kampar |
(Mål) |
---|
1986-1989 |
Brindisi FC |
76 |
(2) |
---|
1989-1991 |
Padova |
69 |
(7) |
---|
1991-2003 |
Parma |
258 |
(5) |
---|
Landslag |
---|
1993-1997 |
Italia |
23 |
|
---|
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Antonio Benarrivo (fødd 21. august 1968) er ein italiensk tidlegare fotballspelar frå Brindisi. Han var ein offensiv sideback på Italia sitt lag i VM-finalen 1994 og vann to internasjonale cupturneringar og to nasjonale pokalar med Parma FC.
Karriere
Klubbspel
Benarrivo var aktiv med Serie C-laget Brindisi frå 1986 til han 1989 fekk kontrakt med Padova i Serie B. I 1991 vart han overført til Parma FC i toppdivisjonen. Her hadde han stor suksess, med triumfar i den nasjonale cupen i 1992 og cupvinnarcupen 1993. To år seinare var med å vinne UEFA-cupen 1995, etter to finaleskåringar av lagkamerat Dino Baggio mot Juventus. I 1999 mista Benarrivo plassen i fyrsteellevaren og fekk såleis ikkje med Parma-sigrane i den italienske cupen og i UEFA-cupen same våren. Sidan vart det mykje benkesliting til han la opp i 2004, men han fekk seg 2002-finalen i den italienske cupen der det vart Parma-tap 1-3 mot Juventus.
Landslagsspel
Benarrivo spelte 23 kampar for Italia i tida 1993-97, utan å skåre mål. Bortsett frå Italias fyrste kamp i VM i fotball 1994 i USA, spelte han alle VM-kampane frå og med 1-0 sigeren over Noreg, til den mållause VM-finalen mot Brasil som enda med tap i straffeskytinga.
Merittar
- VM-sølv: 1994 for Italia[1]
- Vinnar av cupvinnarcupen: 1993 med Parma FC
- Vinnar av UEFA-cupen: 1995 med Parma FC
- Italiensk cupmeister: 1992 med Parma FC[2]
Kjelder