Annika Susanne Hallin (fødd 16. februar 1968) er ein svensk skodespelar fødd i Hägersten. Ho er sambuar med dramatikaren Lars Norén, og har tre born.
Karriere
Hallin filmdebuterte i kortfilmen Leberman i 1993, men studerte ved teaterhøgskulen i Stockholm 1996-1999. Sidan har ho vore tilsett ved ei rekkje teater i Sverige. Den fyrste langfilmen Hallin spelte i, var En häxa i familjen frå 2000. I 2005 spelte ho Victoria i den norske filmen Vinterkyss av Sara Johnsen. For denne rolla fekk ho Amandaprisen for beste kvinnelege hovudrolle same året.
I 2007 - 2008 spelte ho rolla som Syster Leonora i Arn - Tempelridderen og Arn - Riket ved veiens ende, basert på Jan Guillou sine bøker. Sidan har ho også vorte kjend for rolla som Liv i I taket lyser stjärnorna (2009), og ikkje minst som Annika Gianini i Millennium-trilogien (2009); basert på bøkene av Stieg Larsson. Hallin er no aktuell med spelefilmen Stockholm Östra (2011).
Kjelder