Annette von Droste-Hülshoff vart fødd på Burg Hülshoff ved Münster. Ho var dotter av Clemens August von Droste-Hülshoff og Therese von Haxthausen, og blei fødd inn ei gammal westfalisk katolsk adelsætt.[1][2][3] Ho levde eit tilbaketrekt og avgrensa liv, men arbeidde tidleg målretta mot å skape stor kunst.
På vegen mot å bli ei viktig forfattarinne dreiv ho ei tid samstundes som musikar og komponist. Musikkerfaringa blei av stor vekt for diktargjerninga ved at den hjelpte henne til å utvikle språkmelodi og verserytme.
I Gedichte (1844) syner ho seg som si tids største kvinnelege lyrikar, sjølv om ho litterært var framom si eiga tid og fekk vente lenge på anerkjenninga.
Annette von Droste-Hülshoff døydde på Burg Meersburg i Meersburg. Ho er gravlagd på Meersburger Friedhof.
↑I ei vitskapeleg avhandling av August Schröder i Beiträgen zur Westfälischen Familienforschung, bind 33–35, 1975–1977 blir 14. januar rekna som mest sannsynleg.