Anna Jorunn Avdem (fødd 1952) er ein norsk historikar, forfattar og SV-politikar. Ho er fødd i Lesja, busett i Lærdal. Avdem har som forfattar gjeve ut fleire bøker om kvinner sine kår. Ho har arbeidd som lærar i skulane i Lærdal og i 2002 vart ho tilsett som museumslektor på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum.
Hovudoppgåva hennar «Gjort kva gjerast skulle» vart gjeve ut som bok i 1984. Saman med Kari Melby gav ho ut «Opp først og sist i seng» 1985, og i 2001 gav Avdem ut «Husmorparadiset», der ho skildrar glansåra for husmorrolla på 1950- og 1960-talet. I 2009 gav ho ut ”Levd liv, ei soge om sogningane og muséet deira” (Skald) saman med Aage Engesæter og Lars Asle Vold.
Avdem var varaordførar i Lærdal frå 2003 til 2007.
Ho er gift med Jan Olav Fretland og mor til Jostein Avdem Fretland.
Bibliografi
Bøker
- 2009 – Levd liv : ei soge om sogningane og museet deira (Leikanger: Skald). ISBN 978-82-7959-132-0 [Av Anna Jorunn Avdem [og] Aage Engesæter ; foto: Lars Asle Vold]
I tidsskrift - eit utval
Kjelder