Etter at ektemannen døydde i 1737, flytta Deichman frå Christiania mot trakta rundt Porsgrunn, som ho på fleire måtar var knytt til. Systera Margrethe var gift med kanselliråd Herman Løvenskiold på Fossum; broren Peter budde på Menstad; mora bispinne Deichmann budde hos dottera på Borgestad og brørne Carl og Wilhelm budde også i området. Borna til Anna Deichmann vart inngifta i dei beste familiane i distriktet.[4] Etter at ektemannen døydde mottok ho ein årleg pensjon på 40 riksdalar.[5]