Ann Sire Fjerdingstad (fødd 23. juli 1959) er ein norsk politikar for Høgre. Ho var ordførar i Øvre Eiker kommune frå 2009[1] til 2019.[2]
Politisk karriere
Fjerdingstad sa seg villig til å stille som listefyll for kommunevalet i 2007.[3] Ho fekk ei stor mengd personstemmer som resulterte i ein plass i kommunestyret.[3] Då ordføraren Anders B. Werp vart vald inn på Stortinget hausten 2009 vart ho spurt om å overta som ordførar.[3] Høgre var så nøgde med henne som ordførar at dei ynskte henne som ordførarkandidat for kommunevalet i 2011.[3]
Pioner i fotball
Ann Sire Jensen deltok på Drafns damelag i fotball i perioden 1977–80 og var ein av pionerane i norsk damefotball. Ho har seinare vore aktiv og lagleiar i andre idrettar.
Kjelder