Angoon (tidlegare Angun, Aangóon) er ein busetnad på Admiralty Island i Hoonah-Angoon Census Area i Alaska i USA. Ved folketeljinga i 2000 hadde han 572 innbyggjarar. Talet hadde gått ned til 459 ved folketeljinga i 2010.[2]Tlingitnamnet på staden, Aangóon, tyder omtrent ‘eid-by’.
Historie
Admiralty Island har lenge vore heimen til tlingit-gruppa Kootznoowoo, eller Xootsnoowú Ḵwáan på tlingit. Kootznoowoo tyder ‘festning av brunbjørnar’, bokstaveleg xoots-noow-ú ‘brun.bjørn-festing-possesiv’.[3] Angoon har eit mindre regnfullt klima enn mesteparten av Søraust-Alaska, og blei verdsett av tlingitfolka av den grunnen.
Under den russiske perioden i Alaska, frå 1700-talet til midten av 1800-talet, var maritim pelshandel ei viktig næring i området.
I 1878, etter Alaska-kjøpet i 1867, etablerte North West Trading Company ein handelspost og kvalfangststasjon på Killisnoo-øya i nærleiken, og nytta landsbybuarar frå Angoon til å jakta på kval. Kvalfangsten, ein skole og ei russisk-ortodoks kyrkje trekte mange tlingitfolk til nabostaden Killisnoo.
I oktober 1882 blei landsbyen øydelagd i Angoon-bombinga til amerikanske marineforstyrkar under kommandør Edgar C. Merriman og «USRC Thomas Corwin» under kommandoen til Michael A. Healy. Tlingit-folk i landsbyen hadde tatt europeiske gislar og eigedelar, og kravde to hundre teppe som kompensasjon frå North West Trading Company etter at ein tlingit-sjaman døydde i ei kvalfangstbombeulukke medan han arbeidde på ein kvalfangstbåt. Gislane blei sleppt fri etter at marineekspedisjonen kom til Angoon, men Merriman kravde fire hundre teppe som hyllest. Etter at tlingitane berre leverte åttiein teppe, øydela styrkane til Merriman landsbyen.[4][5]
Kort tid seinare gjekk North West Trading Company til å handtera sild. I løpet av denne tida flytta mange tlingitfolk til Killisnoo for å få jobb på fiskefabrikken. I 1928 blei Killisnoo øydelagd av brann, og mange tlingitfolk vendte tilbake til Angoon.
I 1973 vann Angoon ei godtgjering på 90.000 dollar frå dei amerikanske styresmaktene for bombarderinga i 1882.
Ifølge USA Census Bureau har busetnaden eit totalt område på 38,8 kvadratkilometer. Av dei er 14,4 kvadratkilometer land og 14,4 kvadratmile (37,2 km2) eller 37,04 prosent av han er vatn.[2]
Klima
Klimaet er anten maritimt (KöppenCfb) eller fuktig kontinentalklima med varme somrar (Dfb). Klimaet blir noko temperert av Alaskastraumen, og er berre litt meir ekstremt enn nordlege Skottland.[7]