Andrew Qappik
|
|
Statsborgarskap |
Canada
|
Fødd |
25. februar 1964 (60 år)
|
Yrke |
grafikar
|
Andrew Qappik CM (fødd 25. februar 1964) er ein kanadisk inuittisk biletkunstnar, kjend for grafikk og for å ha utforma våpenskjoldet til Nunavut-territoriet.[1]
Qappik er fødd i Nunataq i Nordvestterritoria, no i Nunavut, og busett i Pangnirtung i Nunavut. Onklane hans Solomon og Imoona Karpik var også kunstnarar, og oppmuntra han til å teikna.[1]
Verka til Qappik viser både dyr og tradisjonell inuittisk kultur, som han har lært om frå eiga erfaring og soger frå bestefedrar og andre slektningar. Nokre av desse slektningane har også verka inn på den kunstnariske stilen til Qappik. Han føretrekk å framstilla realistiske eller naturalistiske scener frå arktisk liv og har ei instinktiv forståing for linjer, form og komposisjon, med bruk av lysare fargetonar med lite negativt rom.[2]
Qappik sine verk blir gjevne ut av Pangnirtung Print Shop, som er del av Uqqurmiut Centre for Arts & Crafts. Verka hans er blitt stilte ut ved fleire museum, mellom anna British Museum,[3][4][5][6][7] National Gallery of Canada,[8] Winnipeg Art Gallery,[1] Canadian Museum of History[9] og Dennos Museum Center.[10][11]
Han blei utnemnd til Member of the Order of Canada i 2017 for bidraga sine til utforminga av våpenskjoldet til Nunavut og logoar for Government of Nunavut og Nunavut Tunngavik Incorporated.[12]
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Andrew Qappik» frå Wikipedia på engelsk, den 24. november 2022.
- Thomson, Jane Sproull and Luke Ratzlaff "Andrew Qappik's Contemporary Arctic Visions", Inuit Art Quarterly 20 (2005): 10-16.
Bakgrunnsstoff