Andrew Lambrou (fødd 25. mai 1998 i Sydney) er ein australsk songar av greskkypriotisk opphav. Han representerte Kypros i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool i Storbritannia med låten «Break a Broken Heart».[1][2]
Bakgrunn
Lambrou blei fødd inn i ein greskkypriotisk familie i 1998.[1] Han vaks opp i Sydney og gjekk ved AMS Music School der han lærte å spele piano. Som femåring vann han fyrstepremien i en eisteddfod som skulen arrangerte. Der song han «Do-Re-Mi» frå The Sound of Music.[3]
Lambrou fekk merksemd i 2013 etter å ha lasta opp ein coverversjon av Evanescence-låten «My Immortal» på YouTube.[1] Han lasta opp ein 15-sekunders coverversjon av Sam Smith sin «Stay With Me» på Instagram. Videoen blei delt av ei spansk musikkside og skaffa han straks over 2000 nye følgjarar.[3] I 2015 deltok Lambrou i The X Factor Australia, der han nådde topp 20.[1] Same år blei han oppdaga av Sony ATV og slapp debutsingelen «Throne» i 2021.[3]
Eurovision Song Contest
I 2022 deltok Lambrou i Eurovision – Australia Decides med songen «Electrify». Tevlinga er den australske uttakinga til Eurovision Song Contest, og han enda på sjuandeplass i den australske finalen.[4]
I oktober 2022 kunngjorde den kypriotiske kringkastaren CyBC at dei hadde vald Lambrou til å representere Kypros i Eurovision Song Contest 2023.[1][2] Han deltok med låten «Break a Broken Heart» og enda på tolveplass i finalen.[5]
Diskografi
Singlar
Referansar
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Adams, William Lee (17. oktober 2022). «Cyprusconfirms Andrew Lambrou as Eurovision 2023 singer». wiwibloggs (på engelsk). Henta 17. oktober 2022.
- ↑ 2,0 2,1 «Cypruswill send Andrew Lambrou to Liverpool». eurovision.tv (på engelsk). 17. oktober 2022. Henta 17. oktober 2022.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 «About». AndrewLambrou (på engelsk). Henta 17. oktober 2022.
- ↑ «AustraliaDecides 2022: Andrew Lambrou - "Electrify"». Eurovisionworld (på engelsk). Henta 17. oktober 2022.
- ↑ «AndrewLambrou». eurovision.tv (på engelsk). Henta 18. mai 2023.