Andreas Andresen (31. januar 1856–1936) var ein norsk typograf, kjøpmann og Venstre-politikar frå Aurskog.
Far hans var gardbrukar og snikkar. Sjølv byrja han i lære hos typograf i Christiania i 1873. Han var tilsett i Steenske Bogtrykkeri i femten år. Som typograf hadde hadde fleire tillitsverv i lag for typografar. Tida 1894-1911 dreiv han ei kjøpmannsforretning i hovudstaden.
Andresen var stortingsrepresentant i valperiodane 1895-97 og 1898-1900. Han var vald inn for Venstre i valkrinsen Kristiania, Hønefoss og Kongsvinger. I begge periodane var han medlem i sosialkomiteen, i den siste også av valkomiteen.
Kjelder
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914