Andrea Berntzen (fødd 25. februar 1998) er ein norsk skodespelar. Ho vart kjend for hovudrolla som Kaja i Erik Poppes film Utøya 22. juli, og vart kåra til beste kvinnelege skodespelar under Amandaprisen 2018 for den rolla.[1]
Berntzen har bakgrunn frå skulerevyen på Elvebakken vgs, og i 2017 vart ho kåra til årets kvinnelege skodespelar i Revykavalkadens oppsummering av skulerevyane i Oslo.[2]
I 2018 var Berntzen elev ved Romerike Folkehøgskole.[2] I 2021 spela ho rolla som «Marielle» i julekalenderen til TVNorge Nissene i bingen.[3]
Kjelder
Bakgrunnsstoff