Anders Palm (fødd 6. juli 1942 i Malmö) er ein svensk litteraturvitar og lingvist, som har vore professor i litteraturvitskap ved Lunds universitet. Han har gjeve ut ei lang rekkje bøker innan ulike sjangrar, m.a. ordbøker, litteraturanalytiske bøker og songbøker.[1]
Anders Palm har vore ei viktig drivkraft bak Medical Humanities. Konseptet er i dag ein del av den svenske lækjarutdanninga og inneber å sjå menneskekroppen frå eit humanioraperspektiv så vel som eit medisinsk perspektiv. Medical Humanities gjev lækjarstudentane høve til å bruka kunst, litteratur og musikk for å kritisera lækjarrolla og møta med pasientane. Omgrepet Medical Humanities vert også brukt ved lækjarutdanninga m.a. i USA.
For arbeidet sitt med Medical Humanities vart Anders Palm utnemnd til æresdoktor ved det medisinske fakultetet ved Universitetet i Lund. Utnemningsseremonien fann stad i Lund domkyrkje den 27. mai 2011.[2]
Utvalde verk
- Kristet, indiskt och antikt i Hjalmar Gullbergs diktning, 1976
- Möten mellan konstarter, 1985
- Jag bor vid ett rastställe - Hjalmar Gullbergs landskap i dikt, bild och ton med Lennart Moberg, 1998.
Utmerkingar
Kjelder