Sven Anders Gärderud (fødd 28. august1946 i Stockholm) er ein svensk tidlegare friidrettsutøvar, orienteringsløpar og idrettsleiar. Han vart olympisk meister i 3 000 meter hinder ved dei olympiske sommarleikane 1976 i Montreal. I nasjonale tevlingar vann han medaljar også på 800 meter, 1500 meter og 10 000 meter på 1960- og 1970-talet.
Biografi
Friidrett
Gärderuds første store prestasjon kom i Roma 11. september 1968. Han forbetra då den svenske 800-meter-rekorden, sett av Dan Waern sju år tidlegare, med tre tidels sekund til 1.47,2. Denne rekorden stod i seks år. Gärderud deltok i 800 meter og 1500 meter under sommar-OL 1968 i Mexico by, men kom ikkje vidare til semifinale.
Frå 1970-talet konsentrerte Gärderud seg meir om hinderløp. Han deltok i 3000 meter hinder i sommar-OL 1972 i München, men sleit med forkjøling, og kom heller ikkje denne gongen lengre enn til forsøksheata. Berre ei veke seinare sette han ny verdsrekord på distansen med tida 8.20,8 på olympiastadion i Helsinki.
Under EM i friidrett 1974 i Roma vann Gärderud sølv på 3000 meter hinder. Han tapte spurten mot europameisteren Bronislaw Malinowski, 8.15,0 mot 8.15,4. I 1975 forbetra han sin eigen verdsrekord to gonger. Fyrste gongen var på Bislett stadion med tida 8.10,4, seks dagar seinare sprang han inn på 8.09,7 i Stockholm.
Finalen i 3000 meter hinderløp under sommar-OL 1976 i Montreal har vorte ein klassikar i Sverige. Frank Baumgartl frå Aust-Tyskland er i leiinga, med Gärderud tett bakom. Når dei kjem fram til siste hinderet, ramlar Baumgartl slik at Gärderud fritt spring inn til ny verdsrekord på 8.08,02. Gullmedaljen var Sveriges første friidrettsgull i OL på 24 år. For prestasjonen vart han tildelt Svenska Dagbladets gullmedalje.
Gärderud dreiv også med orientering. Hans fremste prestasjon i orientering var eit SM-gull i stafett med Mälarhöjdens IK i 1977.
I si tid som aktiv idrettsutøvar representerte Gärderud både IFK Lidingö, Enebybergs IF og Mälarhöjdens IK.
Idrettsleiar
På 1990-talet var Gärderud landslagssjef for det svenske friidretts-landslaget. Seinare var han landslagssjef for det norske orienteringslandslaget. Han er busett på Lidingö i Stockholm og kommenterer friidrett og orientering for Sveriges Television.