Amaliáda (gresk Αμαλιάδα), eldre form Amalias, er ein by og ein tidlegare kommune på Peloponnes i Hellas. Frå 2011 er han ei kommunaleining i kommunen Ílida i periferieininga Ilía i periferien Vest-Hellas og hovudsete i kommunen.[2] Byen ligg like sør for elva Piniós, 80 km frå Pátra, 20 km frå Pýrgos og 291 km frå Aten. Byen er den nest største i Ilía og den vestlegaste byen på Peloponnes.
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunaleininga Amaliáda 26 315 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 16 841 innbyggjarar.[1]
Amaliáda er kalla opp etter Dronning Amalia og vart grunnlagd då to mindre kommunar, Kalítsa og Dervís Tselépi, vart slått saman i 1830.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kjelde