Dei allierte prøvde å få tilbake kontrollen i Polen-Litauen, men dette vart stogga av Karl XII i slaget ved Grodno og av Carl Gustav Rehnskiöld i slaget ved Fraustadt, begge i løpet av dei første månadane av 1706.[3] Etter Fraustadt var i røynda det saksiske kurfyrstedømet utan forsvar og då Karl XII slo saman styrken sin med styrken til Rehskiöld og flytta gjennom Schlesien for å okkupere det, møtte han ingen motstand.[3]
Alliansen hans med Russland, som var formalisert i Preobrazjenskoje-traktaten og Narva-traktaten, vart erklært ugyldig.[4] Alle russarar under August sin kommando måtte sendast til svenskane som fangar.[4]Johann Patkul vart erklært som kriminell og vart teken til fange av svenskane.[4]
Då avtalen vart kjend for Peter den store vart han skuffa.[5] Diplomatane hans, som var klar over at det kunne oppstå ein separat fredsavtale mellom Sachsen og Sverige[4] og som prøvde å forhandle fram ein separat fredsavtale for Russland sidan 1703,[6] klarte ikkje å kome mellom.[4] I tillegg hadde ikkje berre Peter rekna August som ein alliert, men som ein nær ven.[4] Då August vart avsett tilbaud Peter den polske krona, som han ikkje hadde erobra enno, til den ungarske opprørsprinsen Frans II Rákóczi, til den britiske generalen John Churchill, til polakken Jakub Sobieski, til den habsburgske kommandanten Eugene av Savoy og til fleire andre.[5]
I Det polsk-litauiske samveldet, hadde avtalen styrkt stillinga til Stanisław Leszczyński. Han vann etter kvart lojaliteten til lågadelen i landet.[5]
August den sterke vart gjeninnsett som polsk konge og fornya alliansen med Russland etter Thorn-traktaten i 1709, etter at Peter den store hadde sigra over Karl XII i slaget ved Poltava.[7]
Anisimov, Evgeniĭ Viktorovich (1993). The reforms of Peter the Great. Progress through coercion in Russia. The New Russlandn history. M.E. Sharpe. ISBN1563240475.
Bromley, J. S. (1970). Rise of Great Britain & Russia, 1688-1725. The New Cambridge Modern History 6. CUP Archive. ISBN0521075246.