Altendorf er ein kommune i distriktet March i kantonen Schwyz i Sveits. Kommunen har 6 036 innbyggjarar (2010) og eit areal på 24 km². Kommunesenteret ligg 421 meter over havet.
Kommunen ligg ved Obersee i Zürichsjøen. Han ligg langs jernbanelinja Pfäffikon-Lachen og motorvegen A3. Han består av landsbyen Altendorf og grenda Seestatt langs innsjøen og grendene Muschelberg, Mittlisberg, Schlipf og Vorderberg i åsane kring.
Kjelder
Bakgrunnsstoff