Alpine greiner under Vinter-OL 1952 i Oslo vart avvikla i tida 14. - 20. februar 1952, der både menn og kvinner tevla i tre øvingar kvar. Utfor- og storslalåmrenna gjekk føre seg på Norefjell i Krødsherad, ei 120 kilometer nordvest for Oslo, medan slalåmøvingane vart avvikla i skibakken Rødkleiva i Oslo.
Dei seks olympiske øvingane gjaldt òg som den 12. verdsmeisterskapen i alpine greiner.