Alpin tundra er ei økosone eller klimasone karakterisert av mangel på skog på grunn av høgda over havet. Alpin tundra ligg høgare enn skoggrensa, og skil seg frå arktisk tundra ved å ikkje ha permafrost. Dessutan er jorda i alpine strøk vanlegvis betre drenert enn jord i arktiske strøk.
Alpin tundra går over til subalpin skog under tregrensa.
Ein finn alpin tundra i fjellstrøk over heile verda. Floraen i alpin tundra sonen er kjenneteikna av artar som kryp langs bakken. Det kalde klimaet i desse høgtliggande områda er forårsaka av lågt lufttrykk, og er ganske likt polarklima.
I norsk samanheng blir landskap i klimasona alpin tundra oftast omtalt som snaufjell, det vil seia fjellandskap utan skog. 44 % av landarealet i Noreg er omfatta av økosona alpin tundra.
Biom på jorda etter vegetasjon. Alpin tundra er avmerka med lys blå farge.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon.
Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden.