«All» (engelsk for Alle) er ein song av Patricia Bredin.
Eurovision
Eurovision Song Contest 1957
«All» representerte Storbritannia i Eurovision Song Contest 1957 i Frankfurt am Main i Vest-Tyskland, og vart framført på engelsk av Patricia Bredin. Bidraget enda på sjuandeplass med seks poeng; to frå Sveits og eitt frå Belgia, Luxembourg, Austerrike og Nederland. Songen har ei lengde på eitt minutt og 52 sekund, noko som gjorde songen til det kortaste bidraget i Eurovision Song Contest, fram til «Aina mun pitää» representerte Finland i 2015.[1] Det var òg det fyrste bidraget som vart framført på engelsk.
Fotnotar
Kjelder