Alison Goldfrapp |
Goldfrapp på scenen i Oxford i 2010 |
|
Fødd | 13. mai 1966 (58 år) |
---|
Fødestad | London i England |
---|
Fødenamn | Alison Margaret Elizabeth Goldfrapp |
---|
Opphav | Storbritannia |
---|
Aktiv | Sidan 1989 |
---|
Sjanger | |
---|
Instrument |
- Vokal
- piano
- tamburin
- synthesiser
|
---|
Stemmetype | sopran |
---|
Tilknytte artistar | Goldfrapp |
---|
Plateselskap | |
---|
Verka som |
- Musikar
- songar
- låtskrivar
- plateprodusent
|
---|
Sambuar med | Lisa Gunning |
Alison Margaret Elizabeth Goldfrapp[2][3] (fødd 13. mai 1966) er ein engelsk musikar og plateprodusent, mest kjend som vokalist i den britiske electronica-duoen Goldfrapp.
Ho byrja karrieren i 1994 då ho song på Orbital-albumet Snivilisation og spelte inn dei to songane «The Good» og «The Bad» med trip reggae-gruppa Dreadzone.[4] I 1995 song ho med trip hop-artisten Tricky på songen «Pumpkin» og samarbeidde med Stefan Girardet på to songar for filmen The Confessional.
Goldfrapp møtte komponisten Will Gregory i 1999 og dei skipa Goldfrapp, som fekk kontrakt med Mute Records. Debutalbumet deira, Felt Mountain, kom ut i 2000.
I 2009 fekk ho ein æresdoktorgrad ved University of Portsmouth.[5]
Goldfrapp har gjeve ut sju album så langt.
Kjelder
Bakgrunnsstoff