Song starta den profesjonelle karrieren sin hjå Bastia i Frankrike i 2003. I 2004/05-sesongen vart han fast på førstelaget der. I 2006 vart han kjøpt av Arsenal. I 2007 var han ei tid utlånt til Charlton Athletic, men i 2009/10-sesongen har han klart å bli fast på Arsenal sitt førstelag.
Han debuterte på landslaget til Kamerun under Afrikameisterskapen i 2008, mot Egypt.
Alexandre Song er i slekt med den kamerunske landslagsspelaren Rigobert Song.