Alda Neves da Graça do Espírito Santo

Alda Neves da Graça do Espírito Santo

Statsborgarskap São Tomé og Príncipe
Fødd 30. april 1926
São Tomé og Príncipe
Død

9. mars 2010 (83 år)
Luanda

Yrke lyrikar, politikar, skribent
Språk portugisisk
Politisk parti Movimento de Libertação de São Tomé e Príncipe – Partido Social Democrata
Alda Neves da Graça do Espírito Santo på Commons

Alda Neves da Graça do Espírito Santo (fødd 3. april 1926 i São Tomé, død 9. mars 2010 i Luanda), også kjend som Alda do Espírito Santo og Alda Graça, var ein politikar og poet frå São Tomé og Príncipe. I studiedagane vart ho interessert i politikk, og var sidan ein forkjempar for frigjering frå den portugisiske koloniherren. Ho var aktiv politikar også etter at landet vart sjølvstendig i 1975.

Bakgrunn

Alda Neves da Graça do Espírito Santo vart fødd mens heimlandet São Tomé og Príncipe enno var ein portugisisk koloni. Mora hennar var lærar og faren var posttilsett. Ho gjekk dei fyrste skoleåra i heimlandet, men skulegangen på ungdomsskule- og gymnasnivå hadde ho i Porto i Portugal. Frå 1948 studerte ho i Lisboa for å verte lærar.[1]

Politikk

Mens Alda do Espírito Santo gjekk på lærarskulen i Lisboa møtte ho flerie militante afrikanarar som ville kjempe mot kolonimaktene. Ho stifta foreininga Centro de Estudos Africanos in Lisbon i 1951, men foreininga vart nedlagt etter eit par år, då fleire av dei politisk engasjerte studentane var ferdige med studia og forlet byen av ulike årsaker.[1]

I 1953 returnerte Alda do Espírito Santo til São Tomé og Principe og arbeidde som lærar. Etterkvart vart ho ei velkjend kvinne i kampen for frigjeringa av heimlandet.[2]

I 1975 oppnådde São Tomé og Principe sjølvstende. Dei fyrste 15 åra etter frigjeringa frå portugisarane var landet ein sosialistisk eittpartistat styrt av partiet MLSTP (Movimento de Libertação de São Tomé e Príncipe). Alda do Espírito Santo hadde fleire ministerpostar i denne tida: Minister for utdanning og populærkultur (1975–1976); minister for informasjon (1976–1977) og minister for informasjon og populærkultur (1977–1980). Deretter var ho president i nasjonalforsamlinga frå 1980 til 1990.[3]

Etter at det styrande partiet i landet MLSTP vart endra til MLSTP/PSD (Movimento de Libertação de São Tomé e Príncipe|Partido Social Democrata) i 1990, vart Alda do Espírito Santo medlem av sentralstyret til partiet. Denne funksjonen hadde ho til ho døydde, sjølv om ho trekte seg ut av aktiv politikk i midten av 1990-åra. Ho hadde då vore medlem av den første demokratisk valde nasjonalforsamlinga i perioden 1991–1994. Frå 1996 til 2000 var ho leiar for ein stor kvinneorganisasjon.[1]

Poesi

Alda do Espírito Santo skreiv dikt allereie i ungdomstida. Ho var den fyrste afrikanske kvinna som skreiv på portugisisk.[2]

Dikta Alda do Espírito Santo skreiv i kolonitida (før 1975), vart publiserte i tidsskrift og antologiar i 1950– og 1960-åra. I 1978 vart desse dikta, saman med ein del seinare dikt, publiserte i verket É Nosso o Solo Sagrado da Terra. Poesia de protesto e luta. Dikta frå kolonitida handlar om kamp mot kolonimakta, opprør, lokal historie og kultur, og kvardagsliv i São Tomé. Det best kjende diktet hennar er «Onde estão os homens caçados neste vento de loucura», ei lidenskapeleg skulding mot kolonistyremakta, som stod bak ein stor massakre i landet i 1953.[1]

Etter at landet ble sjølvstendig i 1975, skreiv Alda do Espírito Santo teksta til nasjonalsongen til São Tomé og Principe: «Independência Total».[1]

Alda do Espírito Santo representerte heimlandet på fleire internasjonale forfattarkonferansar, og ho var leiar i forfattar- og kunstnarforbundet i landet, União Nacional de Escritores e Artistas de São Tomé e Principe (UNEAS) frå det vart stifta i 1987 til ho døydde.[1]

Alda do Espírito Santo hadde ingen stor litterær produksjon etter frigjeringa, men i 2002 gav det portugisiske kultursenteret i São Tomé ut heftet Mataram o Rio da Minha Cidade, ei samling noveller og dikt. For å markere 80-årsdagen hennar i 2006, gav UNEAS ut fire hefte med dei samla talane og dikta hennar.[1]

Litteratur

  • Russell G. Hamilton, Voices from an Empire: a history of Afro-Portuguese literature, Minneapolis: University of Minnesota Press, 1975, pp. 370–73} ISBN 0-8166-0745-1
  • Mario de Andrade, La poésie africaine d'expression portugaise: anthologie; précédée de Évolution et tendances actuelles, Paris: P.J. Oswald, 1969, p. 65
  • Eugénio Tavares, Littératures lusophones des archipels atlantiques: Açores, Madère, Cap-Vert, São Tomé e Príncipe, Paris: L'Harmattan, 2009, p. 294, ISBN 978-2-296-07575-7

Kjelder

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Seibert, Gerhard. «Graça, Alda da». Dictionary of Africa Biography 6. s. 500–501. ISBN 9780195382075. 
  2. 2,0 2,1 «UNESCO Women in Africa History | Women». en.unesco.org. Henta 14. november 2020. 
  3. «Alda do Espírito Santo, militante de l’indépendance». L'Histoire par les femmes (på fransk). 30. oktober 2019. Henta 14. november 2020.