Albina Grčić (fødd 6. februar 1999 i Split) er ein kroatisk songar. Ho starta songkarrieren sin etter å ha kome på tredjeplass i den tredje sesongen av The Voice Hrvatska. Grčić representerte Kroatia i Eurovision Song Contest 2021 med songen «Tick-Tock».
Bakgrunn
Grčić byrja med musikk i ung alder og tok pianoundervising ved ein lokal musikkskole i seks år. Som åtteåring vart ho del av «Musikktalenta», eit lokalt musikkprosjekt for barn, ungdom og vaksne.[1][2]
Grčić vart nasjonalt kjend i Kroatia då ho i desember 2019 deltok i den tredje sesongen av The Voice Hrvatska. Ho enda til slutt på tredjeplass i tevlinga, bak vinnaren Vinko Ćemeraš og sølvvinnaren Filip Rudan. Like etter fekk ho platekontrakt med Universal Music Croatia, og 16. oktober 2020 slapp ho debutsingelen «Imuna na strah» (immun mot frykt).[3]
I desember 2020 vart Grčić presentert som ein av 14 deltakarar til musikktevlinga Dora 2021, der vinnaren fekk representere Kroatia i Eurovision Song Contest 2021. I tevlinga 13. februar 2021 opptredde ho med songen «Tick-Tock», skriven av Branimir Mihaljević, Max Cinnamon og Tihana Buklijaš Bakić. I Dora 2021 vann Grčić både jury- og telefonavrøystinga med 198 poeng, og dimed fekk Grčić representere Kroatia i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland.[4] Grčić deltok i den fyrste semifinalen i Rotterdam Ahoy tysdag 18. mai, der ho enda på ellevteplass. Sidan ho ikkje hamna blant dei ti beste, kvalifiserte ho seg ikkje til finalen.[5][6]
Diskografi
Singlar
- «Imuna na strah» (2020)
- «Tick-Tock» (2021)
Referansar