Det er gjort fleire megalittiske funn i området rundt Al Abr.[1] Den opphavlege busetnaden bestod av ei gruppe brunnar i ein wadi, verna av ei gammalt borg (husn). Karavanar langs Røykjelsesruta kunne fylle vatn her og staden var òg base for beduinstammer som sa'ar eller sei'ar. Abdulla bin Schuwail al Dawsai, som var aktiv mot sa'ar seint i 1940-åra, skal ha halde seg i byen.[2] Ei av dei første vestlege kvinnene som kom til dette området var Barbara Toy, som skreiv om vitjinga si der i 1960-åra.[3]
Geografi
For å nå byen frå Sana'a må ein køyre hundrevis av kilometer gjennom ørkenen. Sl Abr ligg langs motorvegen N5, nord-nordvest for Seiyun.[4]Wadi Hadhramaut spring ut nær Al Abr[5] og ligg kring 1000 meter over havet.[6]