Aktiebolaget Volvo (òg kjent som Volvokonsernet og Volvo Group) er ein svenskeigd produsent av nyttekøyretøy, anleggsmaskinar, dieselmotorar og delar til jetmotorar. Føretaket har rundt 115 000 tilsette, ved fabrikkar i 19 land. Produkta vert selde i rundt 180 land. Føretaket produserte tidlegare personbilar, men Volvo Personvagnar er no eigd av det kinesiske føretaket Zhejiang Geely Holding Group. Den fyrste Volvo-bilen, kalla ÖV4, vart ferdig laga den 14. april 1927 i Göteborg.[1]
Kjelder
↑«Vår arv», Volvo Cars (på norsk), henta 13. oktober 2022