«Air» (norsk omsetjing 'luft') er en popsong frå 2023 med den norske popduoen Marcus & Martinus. Songen blei gjeven ut 25. februar 2023 og enda på andreplass i den svenske Melodifestivalen same år.[1]
Om songen
Marcus & Martinus skreiv «Air» sammen med låtskrivarane Jimmy «Joker» Thörnfeldt, Joy Deb og Linnea Deb.
«Air» blei send inn til SVT sin songkonkurranse Melodifestivalen 2023. Der blei songen plukka ut til å delta blant 28 deltakarlåtar.[2][3][4]
Marcus & Martinus vann den tredje delfinalen laurdag 18. februar 2023, og før finalen var «Air» blant favorittane til å vinne Melodifestivalen.[5][6] I finalen enda «Air» på andreplass, bak Loreen og «Tattoo», som til slutt vann Eurovision Song Contest 2023.[7][8]
Listeplasseringar
Kjelder