Aiguille du Grépon er eit 3 482 meter over havet høgt fjell i Mont Blanc-massivet i dei franske Alpane. Fjelltoppen ligg på ei kvass granittegg ovanom Chamonix i departementet Haute-Savoie, nordaust for den høgre fjelltoppen Aiguille du Midi.
Albert Mummery, Alexander Burgener og Benedict Venetz kleiv til topps på Aiguille de Grepon den 5. august 1881. Fyrsteklivinga vert rekna som ein milepåle i utviklinga av klatresporten.
Kjelder