Aiguille Blanche de Peuterey er eit fjell i Mont Blanc-massivet i Italia med ei høgd på 4 112 meter over havet.
Det er tre toppar på fjellet:
- Pointe Güssfeldt (4 112 m)
- Pointe Seymour King (4 107 m)
- Pointe Jones (4 104 m)
I lag med nabofjellet, Aiguille Noire de Peuterey (3 773 m), dannar Aiguille Blanche ein del av Peuterey-ryggen (Intégrale). Detter er ein av dei tre store ryggane (dei andre er Innominata og Brouillard ridges) til toppen Mont Blanc. Denne vart først klatra via ei fjellkløft på Brenvasida av Paul Güssfeldt med Emile Rey, Christian Klucker og César Ollier 15–19. august 1893. Den første klatringa av heile ryggen inkludert Aiguille Noire de Peuterey (Intégrale) vart gjort 28–31. juli 1934 av Adolf Göttner, Ludwig Schmaderer og Ferdinand Krobath.
Kjelder
Bakgrunnsstoff