Knut Monrad (27. mars 1873–24. desember 1916) var ein norsk agronom som ivra mykje for å dyrke opp myrane i Noreg.
Monrad, som var fødd i Jelsa i Rogaland, utdanna seg til sivilingeniør og tok høgre landbruksutdanning. Frå 1898 til han døydde var han amtsagronom i Buskerud, med bustad på Solhaug i Lier kommune. Særleg var han oppteken med å få i gang oppdyrking av myrar, åra 1904-05 var han forsøksleiar i Det norske myrselskap. Han var med å skipe mange torvstrøyarlag og kooperative kjøpelag i amtet.
Kjelder