Agather Backer blei gift med Olaus Andreas Grøndahl, ein framståande kordirigent, i 1875. Dei fekk sonen Fridtjof Backer-Grøndahl.
Pianisten
Agather Backer Grøndal var ein pianist av verdsformat og gav konsertar i fleire europeiske land.
Då ho studerte i Berlin gjorde ho lykke med Ludwig van Beethovens 5. pianokonsert. Ho spelte ofte verk av Edvard Grieg, og var tre gonger solist i Griegs a-moll-konsert med komponisten sjølv som dirigent. Backer Grøndahl var også ein nær venn av Edvard Grieg.
Komponisten
Agathe Backer Grøndahl skreiv helst klaverstykke og romansar. Ho fullførte i alt 70 verk, og var ein framtredande skikkelse i norsk musikkliv. Mot slutten av livet vart Backer Grøndahl heilt døv, og måtte gjeva opp musikarlivet.