Afzal Khan

Afzal Khan
Verkeleg namn urdu افضل خان
Pseudonym John Rambo (urdu جان ريمبو)
Statsborgarskap Pakistan
Fødd 1966 (59 år)
Karachi
Yrke skodespelar, komikar, filmskodespelar, stuntmann, fjernsynsskodespelar, TV-redaktør, stemmeskodespelar
Religion Islam
Ektefelle Sahiba Afzal

Afzal Khan (fødd i 1966), òg kjend som John Rambo, er ein pakistansk fjernsyns-, film- og scene-skodespelar og komikar. Han vart fyrst vidgjeten for rolla som ein vaktmester ved namn John Rambo i komedieprogrammet Guest House. Seinare tok han namnet John Rambo som uoffisielt scenenamn. Dette stammar frå Sylvester Stallone sin karakter John Rambo i Rambo-filmane. Han vert som oftast referert til som Rambo i rulletekstane til filmane han er med i.

Karriere

Afzal Khan sine fyrste røynsler med skodespel var ved ulike scener i Islamabad. Han deltok i somme skodespel produserte av den pakistanske fjernsynskanalen PTV. Desse spela vart berre sende i Islamabad og Peshawar.

I 1991 spela han vaktmeisteren John Rambo i Guest House. Det var ein stor suksess, og Rambo vart ein av dei mest populære figurane i serien.

Etter suksessen som John Rambo, byrja han å få tilbod om å spela i spelefilmar. Han deltok i den fyrste filmen sin i 1992, og vart ei kjend Lollywood-stjerne. Bakgrunnen hans som komikar gjorde at han stort sett berre fekk oppdrag i komediar eller «morosame» roller. Han freista gjera somme seriøse roller, men dette var ikkje så vellukka.

Bakgrunnsstoff