Aeschynitt-(Y) eller eskynitt-(Y), tidlegare kalla blomstrandin eller prioritt, er eit svart til brunt, radioaktivt mineral, kjent frå ei rekkje norske granittpegmatittar. Det vart først skildra i 1906 av W.C. Brøgger frå Hidra i Vest-Agder. Mineralet er nærskyldt med euxenitt.
Namnet blomstrandin er kalla opp etter den svensken kjemikaren C.W. Blomstrand. Namnet prioritt vart innført av Brøgger.
Kjelder