Adolphus Warburton Moore (1841–1887) var ein britisk embetsmann og fjellklatrar.
Moore arbeidde det britiske India-departementet i London frå 1858 til 1887. Åra 1875-85 hadde han stillimg som statssekretær ved departementet si poltitsk avdeling.[1] Ha var også privatsekretær for den leiande politikaren Randolph Churchill.[2]
Moore reiste på tur til Alpane fyrste gongen i 1862. Same sommaren gjorde var han med på fyrstebestiginga av Fiescherhorn, og vart omgåande ein leiande figur i den såkalla gullalderen for alpe-klatringa.
Pigne d'Arolla i Wallis-Alpane - 9. juli 1865, saman med Horace Walker og Jakob Anderegg
Moore reiste i 1868 til Kaukasus saman med Douglas Freshfield, Charles Tucker og fjellføraren François Devouassoud. Dei var då dei fyrste utlendigane som kleiv til topps på den lågaste av dei to fjelltoppane på Elbrus.