Abukir (arabisk أبو قير, egyptisk uttaleæboˈʔiːɾ, også skrive Aboukir og Abū Qīr) er ein liten hamneby i Egypt. Han ligg ved Middelhavet om lag 21 km nordaust for Alexandria. Ruinane av oldtidsbyen Kanopos ligg 3 kilometer frå Abukir. Byen har namn etter Kyros, ein kristen martyr og helgen.