9. serierunde i Tippeligaen 2013 starta med ein kamp søndag ettermiddag den 12. mai der Haugesund slo Vålerenga. Fem kampar til følgde seinare på søndag der Tromsø slo Sarpsborg 08 5–0, den største sigeren så langt denne sesongen, Sogndal slo Odd, Strømsgodset slo Brann og Viking slo Start på bortebane. Kampen mellom Sandnes Ulf og Molde enda 0–0
Dei to siste kampane vart spelt måndag 13. mai då Aalesund knuste Lillestrøm 7–1 på heimebane, der mellom anna Abderrazak Hamed-Allah scora det første hat-tricket i årets Tippeliga. I den siste kampen vann Rosenborg over Hønefoss på bortebane. Dette tok Aalesund og Rosenborg opp til høvesvis sølv- og bronseplass på tabellen, medan Strømsgodset heldt førsteplassen med tre poeng ned til Aalesund.
Det vart scora tre sjølvmål denne runden, dei tre første i årets Tippeliga.
Statistikk
|
|
Mål i alt:
|
24
|
Snitt mål:
|
3,0
|
Tilskodarar totalt i serierunden:
|
38 594
|
Snitt tilskodarar per kamp:
|
4824
|
Flest tilskodarar:
|
7 270 Aalesund - Lillestrøm
|
Færrast tilskodarar:
|
2 806 Sogndal–Odd
|
Gule kort:
|
22
|
Utvisingar:
|
Ingen
|
Fakta
Kjelder
|
---|
Lag | |
---|
Serierundar | |
---|
Lagartiklar for 2013 | |
---|