Oppdaginga av Quaoar blei offentleggjord den 7. oktober2002 under eit møte i regi av American Astronomical Society. Dei første bileta tekne av objektet er ifrå 25. mai1954 der objektet er å finna på ei fotografisk plate ifrå Palomar-observatoriet. Objektet kvalifiserer seg kanskje til dvergplanet status gitt størrelsen funne ifrå direkteobservasjon av romteleskopet Hubble.
Størrelse
Quaoar er estimert å ha ein diameter på 1260 ± 190 km, som på oppdagingstidspunktet gjorde at det var det største objektet funne i solsystemet sidan Pluto. Nyare observasjonar av romteleskopet Spitzer føreslår derimor ein mykje større albedo på 0,19 og som ei følgje av dette ein mindre diameter på (844.4 ±(+206,7, -189,6
Satellitt
Oppdaginga av ein satellitt i bane rundt Quaoar blei rapportert i IAUC 8812 den 22. februar2007. Banen til satellitten er enn ikkje kjend. Satellitten blei funne 0,35 bogesekund unna Quaoar med ein magnitudedifferanse på 5,6. Med ein albedo lik hovudobjektet har han ein diameter på 100 km.[5]
↑ 3,03,1Michael E. Brown; Chadwick A. Trujillo (2004). «Direct Measurement of the Size of the Large Kuiper Belt Object (50000) Quaoar». The Astronomical Journal (7018 utg.) 127: 2413–2417.PDF-versjon av artikkelen på Brown sin nettstad
↑ 4,04,1Stansberry J., Grundy W., Brown M., Cruikshank D., Spencer J., Trilling D., Margot J-L
Physical Properties of Kuiper Belt and Centaur Objects: Constraints from Spitzer Space Telescope
To Appear in: Kuiper Belt (M.A. Barucci et al. Eds.) U. Arizona Press 2007 kortversjon