4. divisjon fotball 1963, avdeling Sunnmøre, vart avvikla i tida fredag 3. mai til sundag 22. september med Sunnmøre Fotballkrins som arrangør. Avdelinga bestod av 8 lag. Vinnaren av avdelinga møtte vinnarane av 4. divisjon i krinsane Romsdal og Nordmøre til kampar om opprykk. Dei tre avdelingsvinnarane spelte alle ein kamp heime og ein kamp borte.
Poengtabell
Sportsklubben Herd frå Ålesund vann 9–1 over Søya frå Nordmøre på bortebane og 5–0 over Åndalsnes IF heime. Både Herd og Åndalsnes rykte opp til 3. divisjon 1964.
Kjelder